Hopp til innhold
X
Innhald

Askvellir Hotell

Askvoll Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvellir Hotell vart starta som kafé av Jorunn og Svein Stubseid i 1966 i leigde lokale.

I 1972 bygde dei Askvellir med kafé og pensjonat med seks gjesterom. I 1975 vart pensjonatet utvida med 11 nye gjesterom og festsal. Etter utvidingar i fleire etappar vart Askvellir hotell i 1999.

Etter at Svein Stubseid døydde i 1985, dreiv enkja Jorunn hotellet fram til kring 2000. Då leigde ho ut hotellet til søstrene Britt Elin og Kjersti Ask, og deretter til Turid Hugøy. I 2005 overtok Anne Grete Tefre Hammersland og Olav Hammersland hotellet og endra namnet til Askvoll Fjordhotell. Hotellet hadde då 40 sengeplassar. I 2013 starta ei ombygging av hotellet som fører til at kapasiteten blir auke til 65 sengeplassar fordelt på 26 rom. Hotellet får og konferansesal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013