Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Canning Co. A/S

Askvoll sentrum i 1953, med hermetikkfabrikken til venstre. Ved kaia til fabrikken ligg MB Selbjørn, som frakta arbeidsfolk frå Atløy. Foto: Harstad, eigar Sigrid Loftheim/Fyllkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Askvoll sentrum i 1953, med hermetikkfabrikken til venstre. Ved kaia til fabrikken ligg MB Selbjørn, som frakta arbeidsfolk frå Atløy. Foto: Harstad, eigar Sigrid Loftheim/Fyllkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hermetikkfabrikken vart starta i 1925 av Stavanger-mannen Martin Mikaelson Dahle (fødd 1886) i Røysetfjøra like ved Askvoll sentrum. Askvoll Canning la ned sardinar, kippers og krabbe.

Hermetikkfabrikken var i lang tid den største arbeidsplassen i bygda, med 44 arbeidarar frå starten i 1925. Nokre år seinare auka talet til 60-70 tilsette i høgsesongen. M.a. fekk mindreårige arbeid på fabrikken til ei dagløn på kring ei krone. Fabrikkeigaren Martin Dahle bygde seg stor villa på Jovikholmen, og var styrar fram til midten på 1930-talet, då sonen Per Dahle vart styrar.

I 1929 kjøpte Dahle eigen fiske- og fraktebåt til firmaet, og seinare skaffa fabrikken seg fleire føringsbåtar som m.a. vart brukte til sjuketransport til Florø når det kneip om.

Ny eigar frå Bergen

På 1930-talet vart fabrikken seld til Bergenhus Canning Co. Hermetikkfabrikken tok i bruk nye og store produksjonlokale ved dampskipskaia i 1950 og fekk no kring 80-90 tilsette. I dei rike sildeåra på 1950-talet salta hermetikkfabrikken i Askvoll store mengder sild som i stor mon vart eksportert til Sovjetsamveldet.

Bussrute og samfunnshusfunksjonar

I dei beste åra på 1950-talet var det knapt om arbeidshjelp i dei næraste grendene. Fabrikken kjøpte difor inn eigen buss og dreiv arbeidsrute mellom Holmedal, Vårdal og Askvoll. Bussen var gul, og på dei elles så billause og smale vegane på Askvollhalvøya gjekk den under namnet «Den gule fare» på folkemunne.

I mangel på samfunnshus fekk bygdefolket nytte dei store fabrikkhallane på «hermetikken» som forsamlingslokale og musikkøvingar.

Fåfengd kamp mot avvikling

I 1969 vart Norbest Canning Co. eigar av fabrikken, og då Bauge-familen gav seg med Askvoll Fisk & Fiskematforretning i 1974, vart eigedommen deira kjøpt av Norbest Canning Co. og Askvoll kommune med tanke på å utvide og modernisere hermetikkfabrikken. Men på denne tida var ein inne i ein brutal saneringsperiode i norsk hermetikkindustri:

Frå å vere ei av dei største industrigreinene i Noreg med fleire hundre hermetikkfabrikkar på det meste, var det berre eit fåtal som hadde overlevd då saneringsbylgja la seg utpå 1990-talet. Etter påtrykk frå styresmaktene vart mange hermetikkfabrikkar medlemmer i storselskapet Norway Foods Ltd A/S som vart skipa i 1981, og som skulle freiste å drive ein del av den skrantande hermetikkindustrien vidare. I staden vart Norway Foods eit «avviklingsfirma»: I 1992 vert det rapportert om 16 nedlagde fabrikkar og 915 tapte arbeidsplassar. Ein av fabrikkane som gjekk med i dragsuget var fabrikken i Askvoll med sine 75 tilsette. Den vart lagd ned i 1993.

I 1996 overtok Askvoll Eigedomsselskap A/S bygningane og kaia til den tidlegare hermetikkfabrikken.

Askvoll sentrum med den tidlegare hermetikkfabrikken lengst til venstre. Foto: Arild Nybø, NRK.

Askvoll sentrum med den tidlegare hermetikkfabrikken lengst til venstre. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2010