Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Helseheim

Askvoll Helseheim var nest etter Harastølen i Luster den første helseinstitusjonen for tuberkuløse som vart bygd i Sogn og Fjordane i 1912.
Helseheimen hadde 14 senger, og låg ved stranda aust for Askvoll sentrum. Distriktslegen i Askvoll hadde det faglege tilsynsansvaret med pasientane. Pasientane ved Askvoll Helseheim vart ”kura” med frisk luft og godt matstell. Dei som skulle opererast, vart sende til Lyster Sanatorium. Heimen var i drift til 1954. Askvoll kommune tok over bygget og dreiv det som alders-og sjukeheim fram til 1977. – Les elles under Luster komune: Lyster Sanatorium - Harastølen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011