Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Hospits

Askvoll Hospits fotografert i den perioden det fekk lov å kalle seg Askvoll Hotell. Ukjend fotograf, eigar Gudrun Haaland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Askvoll Hospits fotografert i den perioden det fekk lov å kalle seg Askvoll Hotell. Ukjend fotograf, eigar Gudrun Haaland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Anton og Sara Høyvik med borna Vigdis og Agnar framfor Askvoll Hospits på 1950-talet. Foto utlånt av Vigdis Høyvik.

Anton og Sara Høyvik med borna Vigdis og Agnar framfor Askvoll Hospits på 1950-talet. Foto utlånt av Vigdis Høyvik.

Askvoll Hospits vart bygd i 1931 av Sara og Anton Høyvik.
Hospitset hadde sju gjesterom. I første høgda kunne matsalen romme 70 gjester. Før krigen vart det drive under namnet Askvoll Hotell, men etter krigen kom det ei ny lov om hotelldrift som gjorde at namnet vart Askvoll Hospits.

Anton Høyvik hadde også landhandel og dreiv også litt med fiskematproduksjon. Anton og Sara dreiv hospitset fram til 1970.

I 1973 starta sonen Agnar Høyvik turistmotell og hytteutleige i Askvoll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011