Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Konfeksjon

vart starta av bergensaren Per Moldestad på 1980-talet. Moldestad hadde i mange år vore fabrikksjef på Hagbart Schjøtt AS (sjå Fabrikkar og verkstader i Førde) sin konfeksjonsfabrikk på Øyrane i Førde. Moldestad dreiv nokre år på 1980-talet produksjon av arbeidstøy i eit leigebygg i Straumen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2008