Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Papir & Kortevareforretning

Ellinor Olset. Foto utlånt av Aslaug  Flaten.

Ellinor Olset. Foto utlånt av Aslaug Flaten.

Askvoll Papir & Kortevareforretning i Askvoll vart starta av Ellinor Olset i 1946.

Ho dreiv dei to første åra på handelbrevet til Alvine Værøy frå Bulandet. Forretninga selde også bøker, og heldt til i «Furevikhuset» der m.a. P.A. Sølvberg hadde starta butikkdrifta. Ein butikk for elektriske artiklar, driven av Ingolf Olsen og dottera Åse, heldt til i naborommet. I 1961 bygde Ellinor Olset nytt forretningsbygg, og dreiv butikken til ho la ned i 1989.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011