Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Samyrkelag

Coop Marked i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Samyrkelag vart skipa i 1948 med 90 medlemmer. Laget hadde ein forløpar på 1930-talet då det vart skipa eit innkjøpslag i bygda. Dette laget kjøpte heim varer på bestilling til medlemmene, for det meste varer som vart nytta i landbruket.

Samvirkelaget kjøpte den såkalla «Olsenbua» i 1948 (- sjå K. Olsen Bageri), og flytta inn i nybygg i 1959. Butikken vart flytta over til eit nytt og større bygg like ved i 1984.

Samvirkelaget i Askvoll gjekk i 1978 inn i Førde Samyrkelag, som i 1998 også tok over varehuset til firma P.A. Sølvberg i Askvoll. Coop Marked Askvoll er i 2010 eigd av Coop Vest BA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2010