Askvoll Sparebank

Sparebanken Sogn og Fjordane i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Askvoll Sparebank vart skipa i 1893. Dei første åra leigde banken lokale i eit lite kommunalt hus på Prestegarden, og fylgde med då kommunen tok i bruk det nye kommunehuset «Heradsheim» i 1924.

Banken heldt til i Heradsheim frå 1924 til 1960
I 1960 flytta Askvoll Sparebank over til eige nybygg i Askvoll sentrum. Bygget fekk også plass til postkontor, telefonstasjon, trygdekasse, lensmann og tannklinikk.
I 1973 gjekk Askvoll Sparebank inn i den nyskipa eininga Sunnfjord Sparebank saman med Jølster, Førde og Vevring – frå 1988 Sparebanken Sogn og Fjordane. Arkitekten bak skipinga av den fylkesomfemnande storbanken var administrarande banksjef Anders Sølvberg frå Askvoll.
I 1979 flytta sparebanken på nytt over i sjølveigd nybygg i Askvoll, denne gonen på Bøen. Dette bankbygget vart seinare kjøpt av Reidar Fristad som m.a. driv det byggetekniske plankontoret Friplan AS i bygget.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 16.06.2010