Hopp til innhold
X
Innhald

Bedehuskapella i Askvoll

Bulandet bedehuskapell på eit flyfoto frå 1940-talet. På neset til venstre for kapellet er den gamle handelsstaden Kjempenes. Foto: Widerøes Flyveselskap AS. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bulandet bedehuskapell på eit flyfoto frå 1940-talet. På neset til venstre for kapellet er den gamle handelsstaden Kjempenes. Foto: Widerøes Flyveselskap AS. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Askvoll kommune er det bygt fem bedehus – i Stongfjorden, Værlandet, Bulandet, Olset og Holmedal. Dei tre første er vigsla til kyrkjeleg bruk.

Bulandet bedehuskapell

vart bygt i 1905. Altartavla er måla av Wilhelm Bjørknes frå Byrknes i Gulen. Ute i fiskeværa Bulandet og Værlandet har det vore kapell heilt sidan før reformasjonen i 1536. Dette hadde samanheng med dei store samlingane av fiskarar som kom dit i fiskesesongane. – Les elles historia om «fiskarkapellet» på Utvær i Solund kommune i artikkelen Utvær - kyrkjestad, fiskevær og losstasjon.

Bulandet bedehuskapell. Foto: Ruth Bakke.

Bulandet bedehuskapell. Foto: Ruth Bakke.

Det første kapellet skal ha lege på Kyrkjeøyna like ved Sandøya. I 1686 vert kapellet på Bulandet omtala som ein bygning på berre 7 x 5,5 meter, og huset hadde torvtak fram til 1683. Då dette gudshuset skulle rivast, fortel ei segn om at ei veldig flo tok med seg tømmeret til nyekyrkja og flytta det over til øya Gjelsa, og her vart det reist på ein stad som framleis vert kalla Kyrkjebakken.

Liknande segner om at flo og storm «som ein Guds styrelse» har teke med seg kyrkjetømmer til andre stader enn opphaveleg meint, finn vi også i Kalvåg og i Selje.

Stongfjorden bedehuskapell

vart bygt som bedehus i 1908, året etter at det første aluminiumsverket i Norden vart starta i bygda.

Værlandet bedehuskapell. Foto: Trude Bakke, NRK.

Værlandet bedehuskapell. Foto: Trude Bakke, NRK.

Værlandet bedehuskapell

vart bygt i 1960 etter stor dugnadsinnsats frå øyfolket. M.a. gav kvar vaksen person på øyane ein stol til kapellet. Då huset vart teke bruk, var lånegjelda berre kring tiandeparten av branntakstsummen. Altartavla er måla av Wilhelm Bjørknes frå Byrknes i Gulen. Men i 2014 vedtok soknerådet å legge ned kapellet frå 1. augsut same året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2014