Hopp til innhold
X
Innhald

British Aluminium Company

Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

British Aluminium Company (BACO) bygde i 1908 Nordens første aluminiumsfabrikk i Stongfjorden. Fabrikken var i drift til 1945, og hadde på det meste kring 70 tilsette.

Det starta med torv og jod

BACO overtok kraftressursane i Stongsfossen frå eit selskap som sidan 1897 hadde drive ein torvkolfabrikk med kraft frå fossen, og seinare ein jodfabrikk. Bak dette selskapet stod m.a. overrettssakførar Kristian Faye frå Bergen og fabrikkeigar Peder Jebsen frå Dale i Hordaland. Dei hadde sikra seg ei torvmyr på Fure (sjå Fjaler) på sørsida av Vilnesfjorden, og satsa på brenning av torvkol.

Stangsfossen etter utbygginga i 1907. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stangsfossen etter utbygginga i 1907. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette var lite lønsamt, og etter kort tid gjekk dei over til jodproduksjon. Råstoffet her var tareoske. Sanking av tare til torvkolfabrikken i Stongfjorden vart ei viktig binæring for øyfolket både i Sunnfjord og Sogn i den tida fabrikken var i drift fram til 1910. - Sjå m.a. Tangskjæring og taretråling i Solund kommune.

BACO kjøper fallrettane

Jodproduksjonen hadde ikkje trong for elektrisk straum, og Faye/Gjertsen selde difor fallrettane til British Aluminium Company (BACO) i 1906. Med på handelen fylgde kaier, to bustadhus og den nedlagde torvkolfabrikken.

Aluminiumsfabrikken under bygging. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Aluminiumsfabrikken under bygging. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

BACO sette 250 arbeidarar i gang med å byggje store damanlegg og rørgater. Anleggsfolket budde i brakker innover fjella, og i 1907 var anlegget ferdig.

Direktør Turner med familien sin. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Direktør Turner med familien sin. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Engelsk direktør

Aluminiumsfabrikken starta produksjonen i 1907, og hadde engelsk direktør frå starten. Direktørbustaden på Stang vart reist på eit platå med to dekar tomt og flott utsikt. I 1911 vart Maurice Russel Turner direktør. Han gifta seg med ei kvinne frå Stavenes. Han vart også medeigar i eit lite skipsbyggjeri som ei tid bygde motorbåtar i Stangfjæra.

M. Russel Turner styrde fabrikken fram til krigsutbrotet i 1940, då han og familien måtte røme til England. Kjemiingeniøren Endre Svanøe (1897-1976) frå Oslo med slekta på Svanøy, tok no over som direktør og styrde fabrikken til den vart nedlagt i 1945.

Men heilt frå starten var driftsingeniøren norsk: Martinus O. Haugen var med frå starten i Stongfjorden i 1906, og var driftsingeniør til 1932.

Stongfjorden med aluminiumsfabrikken i 1908. Øvst til høgre ser vi arbeidarbustadene på Småbakkane - også kalla Gata. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stongfjorden med aluminiumsfabrikken i 1908. Øvst til høgre ser vi arbeidarbustadene på Småbakkane - også kalla Gata. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

BACO bygde det meste

På same vis som vi seinare finn det i Svelgen, Høyanger og Årdal, så organiserte fabrikkeigaren det mest av det som skulle til av infrastruktur i det nye industrisamfunnet i Stongfjorden:

I bygda vart det i tillegg til fabrikkhall og kraftstasjon også reist arbeidarbustadar på Småbakkane - «Gata» - som husrekkja vart kalla. Stongfjorden fekk elektrisk gatelys i 1908 – som ein av dei første stadene i landet som fekk slik luksus! BACO fekk også reist skule og folkebad. Selskapet kjøpt inn skyssbåtane «Rabben» og «Stangfjord», og heldt stongfjordingane skyssbåt til Askvoll heilt fram til 1933. «Stangfjord» er teken vare på som kulturminne, og ligg lagra ved Jensbua i Fjaler.

Fluoren gjer skade

Elektrolyseprosessen i omnane førde til store utslepp av fluor over bygda. Graset kring fabrikken vart brunsvidd, og bufeet fekk store skadar i skjelettet. Gardbrukaren Bertel Gjerde fekk etter lang kamp 500 kroner året i erstatning for ulempa. Men etter ei tid slutta BACO å betale ut. Dei meinte det var generelt dårleg fôring som førde til sjukdom på bufeet. Etter nye granskingar vart det vitskapeleg prova at fluoren skapte skadane, og i 1932 fekk gardbrukarane på Gjerde utbetalt til saman 6.500 kroner i skadebot, pluss årlege erstatningar så lenge fabrikken var i drift. Men bøndene som var hardast råka, måtte slutte med husdyrhald.

Arbeidskamp og streik

I anleggstida vart mykje av arbeidet utført av tilreisande rallarar. Slik som vi kjenner det frå Høyanger eit ti-år seinare, tok anleggsslusken med seg radikale politiske idear utanfrå, og var tøffe til å stå på krava når løn og arbeidstid vart fastsett.

1. mai-tog i Stongfjorden i 1907. Foto: Paul Stang.

1. mai-tog i Stongfjorden i 1907. Foto: Paul Stang.

Alt i 1907 gjorde arbeidarar ein freistnad på å skipe fagforeining. Men sjølv om det var mislukka, vart det likevel feira 1. mai med tog og tale for dagen, der kravet om 8-timarsdag stod sentralt.

Stangfjordens Kjemiske Industriarbeiderforening vart skipa i 1925 etter opptak frå Sverre Johannessen, som kom frå Sotra. Stangfjordens Forenede Arbeidarlag vart skipa i 1927, med Sverre Johannessen som ei drivande kraft dei første åra. 100 personar møtte fram til første agitasjonsmøtet, og 22 melde seg inn frå starten. Laget fekk eige AUF-lag i 1935 med 18 medlemmer frå starten.

I 1937 gjekk medlemmene til fem vekers streik med krav om m.a. nedsett arbeidstid på laurdag og på helge- og høgtidsdagar. Streiken gav to øre meir i timen, og ferien vart auka frå 10 til 12 dagar i året!

Slutt på aluminiumsproduksjonen

Drifta ved Nordens første aluminiumsfabrikk i Stongfjorden vart innstilt i 1945. Mange arbeidarar reiste då til Høyanger og Årdal. Anlegg og kaier vart 1948-1952 brukt som notbøteri og båtbyggjeri av Norges Fiskarlag.

Selskapet som dreiv, heitte Stongfjordanleggene A/S. I 1963 starta Helle Fabrikker avdeling i den gamle fabrikkbygningen. Då Helle Fabrikker fekk ordresvikt og økonomiske problem i 1977, selde dei unna kraftstasjonen og fallrettane som høyrde til i Stongavassdraget til Ytre Fjordane Kraftlag - YFK.

Turbinen frå det gamle kraftverket har fått ein sentral plass i Stongfjorden. Til høgre ser vi badehuset Baden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Turbinen frå det gamle kraftverket har fått ein sentral plass i Stongfjorden. Til høgre ser vi badehuset Baden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2012