Hopp til innhold
X
Innhald

Brynjolv Ogmundarsson

Brynjolv Ogmundarsson fødd ca 1280, frå Holmedal. Riddar og medlem av riksrådet. Han budde truleg på garden Bakke, og var medlem av riksrådet til kongane Håkon Magnusson og Magnus Eriksson. Han er nemnd i skifter frå tida 1306-1338.

Var sysselmann i Verdal kring 1315, og møtte i København i 1309 då fredssemja mellom Håkon 5. og danskekongen Eirik vart underteikna. Far til Jon Brynjolvson.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.12.2007