Bulandet fiskeindustri

Bulandet Fiskeindustri. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Bulandet fiskeindustri på Bulandet vart grunnlagt i 1972. Mottaket vart skipa om til eit ”folke-aksjeselskap” 1979. Seinare har Hallvard Lerøy AS og Hallvard Lerøy jr. kome inn på eigarsida.
Det vart bygt nytt og stort produksjonsbygg i 1997.
Hovudprodukta frå Bulandet Fiskeindustri er filet og frosenfisk. Verksemda sysselset kring 22 årsverk.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.07.2010