Hopp til innhold
X
Innhald

Bulandet Fiskeindustri

Bulandet Fiskeindustri. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bulandet Fiskeindustri. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bulandet Fiskeindustri på Bulandet vart grunnlagt i 1972. Mottaket vart skipa om til eit ”folke-aksjeselskap” 1979. Seinare har Hallvard Lerøy AS og Hallvard Lerøy jr. kome inn på eigarsida.

Det vart bygt nytt og stort produksjonsbygg i 1997.

Hovudprodukta frå Bulandet Fiskeindustri er filet og frosenfisk.

Verksemda har 24 tilsette (i 2011), og omsette for 60 millionar kroner i 2010.

Bulandet Fiskeindustri. Foto: Trude Bakke, NRK.

Bulandet Fiskeindustri. Foto: Trude Bakke, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011