Hopp til innhold
X
Innhald

Christie-kyrkja i Holmedal

Holmedal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal kyrkje vart bygd 1868. Arkitekt var Chr. Christie som også har vore arkitekt for m.a. Kyrkjebø kyrkje i Høyanger, Stedje kyrkje i Sogndal, Årdal kyrkje på Årdalstangen og Hauge kyrkje og nye Borgund kyrkje i Lærdal.

Arkitekt (Eilert) Christian Brodtkorb Christie (1832–1906) teikna på denne tida ei mengd kyrkjer i ein karakteristisk stil som seinare vart kalla ”Christie-kyrkjer”: Dei har sideskip og eit visst preg av at dei er inspirerte av dei gamle stavkyrkjene. Christie leia elles restaureringa av Nidaros domkyrkje frå 1872 til 1906, og gjenreisinga av Håkonshallen og Mariakyrkja i Bergen saman med arkitekt Peter Andreas Blix.

Frå 100-årsjubileet til Holmedal kyrkje i 1968. Biskop Per Juvkam forrettar. Foto: Johan F. Tveit. Eigar: Johan F. Tveit/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå 100-årsjubileet til Holmedal kyrkje i 1968. Biskop Per Juvkam forrettar. Foto: Johan F. Tveit. Eigar: Johan F. Tveit/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Renessansetavla i Holmedal kyrkje er frå ca. 1620 og er prydd med tre målte felt med bibelmotiv og bibelsitat. Messehakelen er frå 1600-talet og truleg sauma av prestedottera Ingeborg Grytten (sjå Kjende personar i Askvoll fødde før år 1800). Den eldste kyrkjeklokka i Holmedal er frå 1581. Ein del av nattverdsutstyret, altarlysestakane og ei lysekrone er frå før 1722. Ei anna lysekrone er frå 1790 og gjeven til kyrkja av den kjende sorenskrivaren og historieskrivaren Hans Arentz. I Holmedal har det truleg stått ei stavkyrkje frå 1200-talet, første gong nemnd i 1305.

Prestegjeldet Holmedal strekte seg den gongen heilt innover til øvste dalane i noverande Gaular kommune. Kring 1600 vart det bygd ei ny kyrkje med eit kyrkjeskip på 16 x 10 meter og med kor på 6 x 7 meter. Denne kyrkja skal ha vore rosemåla innvendes, men ho var skrøpeleg bygd og måtte fleire gonger rettast opp etter storm.

Holmedal med kyrkja ein søndag i den tida mange brukte robåt når dei skulle til kyrkje.

Holmedal med kyrkja ein søndag i den tida mange brukte robåt når dei skulle til kyrkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2010