Hopp til innhold
X
Innhald

David Egenæs

David Egenæs saman med kona Anna Wilhelmine Uchermann Nitter på sine eldre dagar kring år 1900. © Fylkesarkivet.

David Egenæs saman med kona Anna Wilhelmine Uchermann Nitter på sine eldre dagar kring år 1900. © Fylkesarkivet.

David Egenæs (Eikenes) (1838-1921) frå Eikenes ved Dalsfjorden. Misjonsprest.

Etter misjonsskule i Stavanger drog Egenæs til Madagaskar i 1869 og grunnla misjonsstasjonen Ambohimasina i landskapet Betsieli i innlandet. Han leia stasjonen til 1901, og hadde då skipa 63 skular med 4-5000 elevar.

Etter misjonstida busette Egenæs og familien seg i Dale i Fjaler kommune, der ein slektning av kona, Wilken Nitter, hadde testamentert dei ein eigedom. Dottera Kissy (Christiane) Nitter fødd 1877 var i mange år lærar ved Falchs Pensjonatskule i Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011