Hopp til innhold
X
Innhald

David O. Bakke

David O. Bakke var ordførar i to periodar.Foto: © Fylkesarkivet

David O. Bakke var ordførar i to periodar.Foto: © Fylkesarkivet

David Olsson Bakke (1857-1935), bonde , redaktør og venstrepolitikar. Stortingsmann frå 1913-1918, vararepresentant frå 1900-1903. Ein sentral person i norskdomsrørsla på Vestlandet kring 1905. Son av bonde, lærar og stortingsmann Ola Bakke frå Holmedal.

Var med og skipa eit av dei første frilynde ungdomslaga på Vestlandet i heimbygda. Medskipar av Firda og Sygnafylkets Folkevæpningssamlag, og i 1887 Firda og Sygnafylkets Avis i Bergen, der han ei tid var redaktør.

Seinare medskipar av Nordre Bergenhus Folkeblad – seinare Firda Folkeblad. Kom ut i Askvoll frå 1906, seinare i Florø, til avisa gjekk inn i 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011