Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første ferje- og bussrutene

Ferja Vangsnes ved kai på Eikenes i 1962. Foto frå boka Transport mellom fjordar - Firda Billag 1920-1995.

Ferja Vangsnes ved kai på Eikenes i 1962. Foto frå boka Transport mellom fjordar - Firda Billag 1920-1995.

Askvoll-halvøya var heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 utan vegsamband med omverda. Biltrafikken til og frå gjekk i hovudsak med ferja over Dalsfjorden frå Eikenes aust for Holmedal og til Dale.
I 1936 starta Jonas Haugland ei bilførande båtrute med motorbåten «Fagervik» på Dalsfjorden mellom Eikenes-Dale-Bygstad. Med eit påbygd «bildekk» kunne båten frakte inntil fire bilar på tvers av dekk. Ruta gjekk berre tre månader om sommaren dei første åra. Olav Liabø starta like før 2. verdskrig ei passasjerførande vinterrute Eikenes-Dale-Bygstad med «Dagning», men måtte innstille då 2. verdskrig braut ut. Broren Ingolf tok opp att same ruta med passasjerbåten «Fram» like etter krigen. Frå 1948 kom ferjetrafikken i gang att med dei bilførande båtane «Arnafjord» frå Sogn og seinare «Kvik IV» frå Telavåg.

Varden II ved kai på Eikenes. Foto utlånt av Kjell Ask.

Varden II ved kai på Eikenes. Foto utlånt av Kjell Ask.

Halsnes-båtane

I 1952 tok Ola og Mads Halsnes over rute- og ferjetrafikken på Eikenes-Dale-Bygstad med «Varden II». Denne ruta gjekk som heilårsrute i regi av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane heilt fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.

Eikenes ferjekai i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eikenes ferjekai i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesbaatane overtok

Sidan har Fylkesbaatane/Fjord 1 sytt for ferjetrafikken mellom Eikenes og Dale.

Firda-bussar og "Den gule fare"

Den første bussruta på Askvoll-halvøya mellom Askvoll og Eikenes vart starta av Fylkesbaatane i 1936. Firda Billag starta bussrute mellom Askvoll og ferja på Eikenes i 1947, og om lag på same tid bussrute Askvoll-Stongfjorden. I dei gode sildeåra på 1950-talet sette den store hermetikkfabrikken i Askvoll (sjå Askvoll Canning Co. A/S ) arbeidsrute med eigen buss mellom Holmedal, Vårdal og Askvoll. Bussen var gul, og på dei elles så billause og smale vegane på Askvollhalvøya gjekk den under namnet ”Den gule fare” på folkemunne.

Øysamfunna Værlandet og Bulandet fekk bussruter først i 2003 då dei to øysamfunna vart knytte saman med veg- og brusamband. Foto: Steinar Lote, NRK.

Øysamfunna Værlandet og Bulandet fekk bussruter først i 2003 då dei to øysamfunna vart knytte saman med veg- og brusamband. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2010