Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktslegetenesta i Askvoll

Legane i Askvoll må vere sjøsterke, for ambulansebåten har måtta sette kursen mot øyane i all slags ver. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Legane i Askvoll må vere sjøsterke, for ambulansebåten har måtta sette kursen mot øyane i all slags ver. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1857 kom den første frådelinga av ytre Sunnfjord som eige distriktslegedistrikt.
Då då fekk Ytre Holmedal (Fjaler og Holmdal), Askvoll og Kinn eigen distriktslege. I 1863 vart det betre då Kinn fekk sin eigen distriktslege. Like etter år 1900 var Askvoll ein av sju kommunar i fylket som tilsette eigen distriktslege. Staten tok seinare over ansvaret for desse ”kommunelegane”, men påla kommunane å byggje kostbare bustader for distriktslegane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.06.2010