Hopp til innhold
X
Innhald

Elias Melvær

Elias Abrahamson Melvær (1848-1924) fødd i Bulandet, busett på Krokane gard i Flora. Amtskulelærar, målreisingsmann og politikar. Lærar ved Nordfjord Amtsskule 1876–1900. Innførte nynorsk på skulen ved å gje gratis undervisning på fritida i ”landsmål”. Elias Melvær heldt òg kveldsskule for bygdeungdom kring skulen då den heldt til i Gloppen. Dette skapte mykje oppstyr og strid. Motstandarane freista å få han avsett som amtsskulelærar, utan å lukkast. Då nynorsk-motstandarane med ordførar Ola J. Hestenes i spissen ikkje greidde det, tok dei bort det kommunale tilskotet til amtsskulen, slik at den vart flytta til Innvik i staden.

Elias Melvær møtte i 1885 på Stortinget som vararepr.for Jacob Sverdrup, Venstre (sjå Sogndal kommune). Han var første formann i Firda Mållag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011