Hopp til innhold
X
Innhald

Ellend Eide

(1825-1904) frå Sogndal, busett i Holmedal. Amtsagronom og husmorskulestyrar.

(1825-1904) frå Sogndal, busett i Holmedal. Amtsagronom og husmorskulestyrar.

Tilsett som amtagronom (fylkesagronom) i Sogn og Fjordane i 1857. Kjøpte i 1874 Holmedal gard, og dreiv frå 1877 til midten av 1880-talet den første husmorskulen i fylket på garden (sjå Skular i Askvoll).

Etter at han rauk uklar med fylket om skuledrifta, vart skulen flytta til Kroken i Luster. I 1890 selde han garden og gjekk tilbake til stillinga som fylkesagronom. Han var også postopnar i Holmedal.

Eide var styremedlem i Landbruksselskapet i Sogn og Fjordane i mange år og formann 1889–1890.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011