Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Yndestad

Kaia på Yndestad. Foto utlånt av Einar Yndestad.

Kaia på Yndestad. Foto utlånt av Einar Yndestad.

Kaia på Yndestad. Foto utlånt av Einar Yndestad Endre Yndestad starta landhandel på Yndestad i Stongfjorden i 1880.
Han var også dampskipsekspeditør og postopnar på Yndestad. På Yndestad kom det også bakeri. Då aluminiumverket vart bygt i 1906, vart det bygt ny kai på Gjerde inne i fjordbukta, og her vart det også filial for posten under adressa «Yndestad II» frå 1913. Sonen Kristen Yndestad tok over alle funksjonane då faren Endre gav seg med butikken på Yndestad. Han dreiv kaia på Yndestad til 1955, og posten der til 1969. Ein annan son til Endre, Lasse Yndestad, dreiv den andre forretninga nærmare «sentrum» fram på 1970-talet under firmanamnet Yndestad Landhandel A/S. Her var det både bakeri og postkontor. Postkontoret vart lagt ned i 1997.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011