Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Askvoll

Frå produksjonshallen i Trollefos Uldvarefabrikk. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Frå produksjonshallen i Trollefos Uldvarefabrikk. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Dei første meieria

Berentsens Meieri i Askvoll vart starta i 1894 og dreiv i to år. På Kumle vart det drive privat meieri i ein kort periode frå 1902. Dei nordlege bygdene leverte til eit meieri i Kvammen.

Industrigründeren Johan Jenssen

Johan Jenssen frå Bergen slo seg ned i Holmedal 1890, og vart største industri-byggjaren i Sunnfjord før 1. verdskrig.

Trollefos Uldvarefabrik

vart starta i 1895 - sjå artikkelen Industrigründeren Johan Jenssen.

Flaskene til Firda Brusfabrikk kring 1920. © Kjell Eikemo.

Flaskene til Firda Brusfabrikk kring 1920. © Kjell Eikemo.

Teglverk i Askvoll

Store leireforekomstar la grunnlag for skiping av Helle Teglverk A/S i 1895 og A/S Vårdal Teglverk i 1897. Dei to verka låg ikkje så langt ifrå kvarandre, eit stykke vest for Holmedal.

Firda Brusfabrikk

vart grunnlagd i Holmedal 1899 av Johan Jenssen. I 1935 overtok Hansa Bryggeri fabrikken, og la den ned. Sjå elles artikkelen Industrigründeren Johan Jenssen.

Askvoll Meieri

vart skipa i 1899 og dreiv til 1910.

Eidsvigens Granitbrud

På garden Fismen på den veglause vestsida av Eidsfjorden vart det starta eit steinbrot kring 1900: Eidsvigens Granitbrud. Steinbrotet leverte m.a. gatestein og bygningsstein til Bergen.

Fismen, der det var steinbrot rundt 1900. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fismen, der det var steinbrot rundt 1900. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skiferbrot på Atløy

Hist og her på Atløy ligg det brukbar skifer opp i dagen. Skiferen på Kumle og Sætre gav grunnlag for eit par skiferbrot som var i drift i nokre år kring 1900.

Smørfabrikken «Flora»

vart grunnlagd i Holmedal i 1901 av Johan Jenssen. Smørfabrikken vart lagd ned etter få år, og eigedomen vart overteken av Trollefos Ullvarefabrikk, som Jensen også eigde. Fabrikklokala til smørfabrikken vart i 1943 kjøpte av brørne Steinar og Sigmund Helle, som flytta dit. Sjå elles artikkelen Industrigründeren Johan Jenssen.

Flora Smørfabriikk, seinare Helle Knivfabrikk i Holmedal. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Flora Smørfabriikk, seinare Helle Knivfabrikk i Holmedal. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

British Aluminium Company

(BACO) bygde i 1908 Nordens første aluminiumfabrikk i Stongfjorden.

Siste dagen det vart leveret mjølk til Rivedal meieri. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Siste dagen det vart leveret mjølk til Rivedal meieri. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Rivedal Meieri

vart starta i 1908. I 1951 slo meieriet i Rivedal seg saman med Holmedal Meieri til eitt meieri.

Hermetikkfabrikk i Hindøy

Kolbein Sætra starta hermetikkfabrikk i Hindøy 1909, to år seinare i Sauesund (den første her i landet som la ned «sei-laks»).

Holmedal Shoddyfabrikk

vart grunnlagd i 1912 av R.F. Rochling. Shoddy var opprivne tøyfiller, og brukt til polster i madrasser og møblar.

Holmedal Trevarefabrikk

vart grunnlagd i 1912 av Berh. Haaland.

Frå eit sogeskrift om Holmedal Mek. verksted

Frå eit sogeskrift om Holmedal Mek. verksted

Holmedal Mek. Verksted

vart grunnlagt i 1914 av Ole K. Leirpoll (1883–1960). Han produserte m.a. ugrassprøyter og hengsler for «vendbare» vindauge etter eigen patent, sikringsordningar for vindauge og beslag til kyrkjedører. Leirpoll dreiv verkstaden til han døydde.

Askvold Preserving Co A/S

hermetikkfabrikk vart starta i 1919, men fekk ei svært kort historie.

Handel og krabbe på Herland

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk vart grunnlagd på Løkeland i 1919.

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk

- sjå Handel og krabbe på Herland.

A/S Haugen & Co.

Sildesalteri vart bygd i Stongfjorden i 1920 av Martinus O. Haugen. Han var til dagleg driftsingeniør ved aluminiumsfabrikken, (sjå British Aluminium Company), og mange som då var arbeidsledige ved aluminiumsfabrikken, fekk arbeid på salteriet. Sildesalteriet vart eit stort anlegg som vart bygt i søre delen av bygda, og hadde eiga lossekai.

Rasmus Løvik

starta sag og snikkarverkstad i Løvik ved Førdefjorden på 1922. Seinare tok sønene Anders og Mads Løvik over, og hadde i periodar to-tre tilsette i tillegg til seg sjølve. Dei spesialiserte seg på svingtrapper, men laga også dører og vindauge. Dei dreiv verksemda fram til kring 1970. Etter at dei pensjonerte seg, dreiv dei to nevenyttige brørne produksjon av rosemåla tiner og ambarar.

Holmedal Meieri

vart grunnlagt i 1923 og bygde eige meieribygg i Holmedal i 1924.

Askvoll Canning Co. A/S

Hermetikkfabrikken vart starta i 1925 av Stavanger-mannen Martin Dahle (fødd 1886) i Røysetfjøra like ved Askvoll sentrum.

Brørne Steinar og Sigmund Helle på kontoret på knivfabrikken.Foto utlånt av Helle fabrikker.

Brørne Steinar og Sigmund Helle på kontoret på knivfabrikken.Foto utlånt av Helle fabrikker.

A/S Helle Fabrikker

i Holmedal vart starta 1932 av brørne Steinar og Sigmund Helle.

S & S Helle Knivfabrikk

- sjå A/S Helle Fabrikker.

Stongfjorden Trevarefabrikk. Foto:Aud Elsa Grøneng.

Stongfjorden Trevarefabrikk. Foto:Aud Elsa Grøneng.

Stongfjorden Trevarefabrikk

vart starta av Einar Alsaker i Stongfjorden i 1932. Fabrikken produserte kleshengarar, hadde på det meste 12 tilsette, og var i drift til 1975. Dette er den fabrikken i Stongfjorden som til no har hatt lengst samanhengande drift.

Bjarne Høvik

starta i 1933 snikkarverkstad i Askvoll. Han heldt til i bedehuskjellaren og hadde tre mann i arbeid. Produkta var m.a. skulemøblar, sløydverkty og husinnreiingar. Om vinteren var Høvik lærar på ein kommunal snikkarskule.

Stongfjordens Bakeri

vart grunnlagt 1936 av Johan Chr. Johansen.

John og Ragnvald Dørhellen snikkarverkstad

i Stongfjorden, starta i 1936 – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Einar Samuelsen

dreiv frå 1944 bakeri med eige utsal i Holmedal.

Askvoll Fisk & Fiskematforretning

vart grunnlagt i 1945 av Lars Bauge.

Leiknes Snikkarverkstad

vart skipa i Askvoll i 1945 av Magne Leiknes og dreiv produksjon av møblar, kjøkkeninnreiingar, glas og dører.

M. Leiknes AS - Trelast og bygningsartiklar

- sjå Leiknes Snikkarverkstad.

Stongfjordanleggene A/S

skipa 1948 etter at aluminiumsproduksjonen i bygda vart innstilt - sjå: British Aluminium Company .

P/L Fiskereiskap

skipa 1948 - sjå Stongfjordanleggene A/S.

Klausen Mek. Verksted i høgre biletkant med Askvoll sentrum i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klausen Mek. Verksted i høgre biletkant med Askvoll sentrum i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klausen Mek. Verksted AS

var lenge den største verksemda i Askvoll kommune.

Hjalmar og Oddny Rivedal i arbeid i Hj. Rivedals porteføljeverksted.

Hjalmar og Oddny Rivedal i arbeid i Hj. Rivedals porteføljeverksted.

Hj. Rivedals porteføljeverksted

i Holmedal vart grunnlagt i 1950 av Hjalmar Rivedal. Spesialierte seg på produksjon av souvenirartiklar.

Bergensmeieriet i Askvoll

Etter 2. verdskrig fekk Bergensmeieriet fotfeste i Askvoll-distriktet.

AS Fiskeforsyning

eit dotterselskap av Sogn og Fjordane Fiskesalslag, bygde i 1956 fryse- og kjølelager i Bulandet.

Ståle Haugen og Rolf Ask

bygde eige forretningsbygg og starta bensinstasjon og sal av bilrekvisita i Askvoll i 1958. Bensinstasjonen vart lagd ned i 1977. Rolf Ask dreiv også drosjekøyring.

Ungdommar samla ved kaia i Askvoll i 1960. I bakgrunnen bensinstasjonen til Haugen og Ask. Av ungdommane har vi namnet på Svein Stubseid (lengst till venstre) og Åsa Haugen (ståande).

Ungdommar samla ved kaia i Askvoll i 1960. I bakgrunnen bensinstasjonen til Haugen og Ask. Av ungdommane har vi namnet på Svein Stubseid (lengst till venstre) og Åsa Haugen (ståande).

Stangfjord Staal

skipa 1963 – sjå Helle Fabrikker.

Ask Trappeverksted

i Askvoll vart skipa av Magne og Oddmund Ask i 1969. Verkstaden har spesialisert seg på bygging av eksklusive trapper i edle tresortar. Magne sin son Magnar Ask tok over verksemda i 1988. Den heiter no Trappeprodusenten AS.

Trappeprodusenten AS, tidlegare Ask Trappeverkstad i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trappeprodusenten AS, tidlegare Ask Trappeverkstad i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bulandet Fiskeindustri

vart skipa på Nikøy i 1972.

A/S Stongfjord Auto

vart starta av Einar Yndestad kring 1975. Han tok over ein bilverkstad som Stangfjord Staal (eigd av Helle Fabrikker) hadde starta nokre år tidlegare. Yndestad bygde ut verkstad og bensinstasjon, som gjekk over til nye eigarar og vart lagd ned i 1996.

Stongfjord Auto heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stongfjord Auto heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Brug

- sjå Bergensmeieriet i Askvoll.

Welcon AS

Arne Stang starta i 1979 selskapet Welcon i Stongfjorden for produksjon av elektronisk utstyr til prosessindustrien (ÅSV/Hydro). Bedrifta flytta seinare til Øyrane i Førde, der Stang etter kvart overtok dei fleste av SIVA – Statens Industrivekstanlegg - sine tomter og bygningar.

Værlandet Båt

vart starta av Tor Leite i 1979. Verksemda driv med båtreparasjonar, men har og bygd båtar til oppdrettsnæringa. Ei tid dreiv Leite og med bilreparasjonar. Verksemda er ei familiebedrift som og driv kro. I 2010 vart det bygt ny verkstadhall. I 2011 skifta verksemda namn til Værlandet Gjestehamn AS.

Værlandet Gjestehamn AS

- sjå Værlandet Båt.

Værlandet Båt med Værlandet Fiskeredskap i framgunnen. Foto: Steinar Bauge.

Værlandet Båt med Værlandet Fiskeredskap i framgunnen. Foto: Steinar Bauge.

Askvoll Konfeksjon

vart starta av bergensaren Per Moldestad på 1980-talet.

Trappeprodusenten AS

- sjå Ask Trappeverksted skipa 1969.

Askvoll Motor AS

vart starta i 1989 av Johnny Søreide.

AutoMarin AS

- sjå Askvoll Motor AS.

Askvoll Servicesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Servicesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Servicesenter

vart starta i Askvoll i 1990 av Sigbjørn Rørvik. Verksemda reparerer bilar, båtar og traktorar. Askvoll Servicesenter har tre tilsette og held til i det tidlegare meieribygget til Bergensmeieriet.

Holmen Slipp Tore Sund

vart starta av Tore Sund på Kyraholmen på Atløy i 1990. Verksemda driv med slipp, båtreparasjonar og sandblåsing.

Holmen Slipp Tore Sund på Atløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holmen Slipp Tore Sund på Atløy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Værlandet Fiskeredskap AS

på Værlandet vart starta på eit sjøbuloft i 1996 av Audun Oddekalv, Sølvi Blom, Magni Blom Landøy og Geir Landøy. I

Brimmen Quarry, der den spesielle steinen som Landøy Steinindustri nyttar, blir teken ut. Foto: Laila Landøy.

Brimmen Quarry, der den spesielle steinen som Landøy Steinindustri nyttar, blir teken ut. Foto: Laila Landøy.

Landøy Steinindustri AS

på Værlandet vart skipa i 1999 av Laila Landøy m. fl. og driv produksjon av ein svart prydstein som verksemda m.a. eksporterer til bygningsindustrien i Europa. Verksemda har i 2006 fire tilsette og ei omsetning på nærare sju millionar kroner.

Stongfjord Mekaniske AS

i Stongfjorden vart starta i 2007 av Kåre Leknes. Verksemda hadde planar om å produsere kraftturbinar for verksemda Folketurbinen AS, men mangel på nettilknyting stansa planane, og Stongfjorden Mekaniske med sju tilsette gjekk konkurs i 2010.

Hellenes Marine AS

i Stongfjorden vart starta i 2011 av Stongfjorden vekst, Hellenes AS og Teigen Industriteknikk. Verksemda satsar m.a. på reparasjon av oppdrettsmerdar og fekk fire tilsette i starten. Men firmaet tapte pengar, og i 2013 vart drifta innstilt og dei då fem tilsette vart oppsagde.

Seaweed AS

vart starta i 2014 av Værlandet Fiskeredskap AS og Nikøy Eigedom. Selskapet skal lage matprodukt av tang og tare. Tilhøva for dyrking og produksjon av tare er ideelle kring værlandet og Bulandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2014