Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Askvoll

Minnestøtte i Kvammen med inskripsjon: Desse ofra livet i Marinen for frigjeringa av landet: Ove Aalen f. 20.7.1921 omkom 11.12.1942, Sigurd Rørvik f. 26.3.1919 omkom 26.11.1944, Ivar Underlid f. 30.6.1917 omkom ved luftåtaka 8.11.1944.

Minnestøtte i Kvammen med inskripsjon: Desse ofra livet i Marinen for frigjeringa av landet: Ove Aalen f. 20.7.1921 omkom 11.12.1942, Sigurd Rørvik f. 26.3.1919 omkom 26.11.1944, Ivar Underlid f. 30.6.1917 omkom ved luftåtaka 8.11.1944.

Falne og omkomne frå Askvoll under 2. verdskrig.

(Du finn fleire opplysningar under «Kjende personar»)

  • Kristian Fjeldet (1894–1942) frå Stongfjorden. Matros .
  • Knut A. Landøy (1896-1943) frå Værlandet. Bonde og fiskar.
  • Kristoffer Olai Svoren (1899–1942), frå Askvoll, busett i Innvik. Fiskeskipper.
  • Kristoffer Andreas Lutenthun (1899–1940) fødd på Lutentun, busett på Vilnes.
  • Frank Andreas Tellefsen (1899–1940) frå Vestre Moland, busett i Askvoll.
  • Alfred Emil Furre (1903–1940) fødd i Bergen, busett i Askvoll. Skipstømmermann.
  • Karl Kristian Knutsen (1904–1940) frå Askvoll. Matros.
  • Gerhard Johan Lervaag (1905–1942) frå Askvoll. Styrmannn.
  • Reinhard Herland (1906–1941) frå Atløy. Fiskar.
  • Bernhard Mathias Smelvær (1906–1942) frå Askvoll. Sjømann.
  • Asbjørn Melvær (1908-1944) frå Bulandet. Fiskar.
  • Kristian Olsen Lerpoll (1910–1943) frå Holmedal, busett i Bergen.
  • Thomas Andreas Nilsen (1914–1945) frå Askvoll. Dampskipsekspeditør.
  • Harald Myrvåg (1914-1944) frå Værlandet. Fiskar.
  • Kåre Antonius Seines (1914–1941) frå Bodin, busett i Askvoll.
  • Håkon Vårdal (1915–1944) frå Vårdal. Styrmann.
  • Otto Johannes Nyberg (1917–1940) frå Hosanger, busett i Askvoll. Lettmatros.
  • Sigurd Rolland Monsen (1918–1940) frå Askvoll. Sjømann og marinegast.
  • Bernt Teodorsen Myrvåg (1921–1945) frå Værlandet. Fiskar og commandosoldat.
  • Ove Aalen (1921–1942) frå Kvammen. Fiskar og medlem av Shetlandsgjengen.
  • Vemund Melvær (1922-1944) frå Askvoll. Fiskar og krigsflygar.
  • Trygve Værøyvik (1922–1945) frå Værlandet. Marinegast.
  • Trygve Dalsøren (1935–1944) frå Askvoll. Skulegut.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010