Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på sjøen i Askvoll

M/S Sunnfjord ved kai i Askvoll tidleg på 1950-talet. Foto: Kåre Ness

M/S Sunnfjord ved kai i Askvoll tidleg på 1950-talet. Foto: Kåre Ness

Skysstasjonar i Askvoll

I den gamle ordninga med skyssplikt, var det skysstasjonar i Sauesund, Staveneset og i Notaneset i Flokenes ved Førdefjorden.

Dei første dampskipsrutene

Handelsstaden Sauesund – den gamle skysstasjonen på austsida av Atløy, vart stoppestad då Fylkesbaatane starta sine ruter i 1958. I 1860 vart dampskipsstoppet flytta til Presteøya sør for Askvoll.

STOPPESTADER:

Ferjekaia i Askvoll i 2010. Herifrå går det ferjer til Fure på sørsida av Dalsfjorden, til Atløy og til Værlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia i Askvoll i 2010. Herifrå går det ferjer til Fure på sørsida av Dalsfjorden, til Atløy og til Værlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll sentrum

vart stoppestad i 1880. I 1886 er kaia i Askvoll komen på plass. Kjøpmann Tallak H. Stang (sjå: Handel, hermetikk og brann på «Gamlekaia») var ekspeditør. Askvoll vart ein av dei viktigaste stadane for Fylkesbaatane i Sunnfjord, med opptil 16 rutestopp i veka kring 1920. På 1950-talet hadde bygda 26 båtstopp i veka. I 1956 vart det bygt ny kai på Kråkholmen.

Flokenes kai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flokenes kai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flokenes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1887. Første tida vart dampbåten borda ved Merkesvik, men i 1911 vart det bygt kai på Flokenes.

Yndestad

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1887, og hadde ruter fram til 1953, då vegen til Stongfjorden kom.

Bulandet

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1880-åra.

Kvammen

fekk rutestopp av Fylkesbatane i 1890.

Det kunne vere folksamt på kaia når bybåten kom til Holmedal. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Det kunne vere folksamt på kaia når bybåten kom til Holmedal. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Holmedal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane ca. 1894, då industrimannen Industrigründeren Johan Jenssen bygde kai og vart ekspeditør. På grunn av all aktiviteten som Johan Jenssen skapte, vart Holmedal ein viktig stoppestad for Fylkesbaat-rutene i Dalsfjorden. Etter Jenssen overtok Jens Bjørnestad ekspedisjonen av rutebåtane.

Kaia i Holmedal i 1961. Fotoet er teke i samband med avdukinga av Ingolfr Arnarson-statuen. Det eine skipet ved kai kom med dei islandske gjestene, det andre er anten Sunnfjord eller Sognefjord. Foto: Johan F. Tveit. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaia i Holmedal i 1961. Fotoet er teke i samband med avdukinga av Ingolfr Arnarson-statuen. Det eine skipet ved kai kom med dei islandske gjestene, det andre er anten Sunnfjord eller Sognefjord. Foto: Johan F. Tveit. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stavenes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1895.

Værlandet

fekk rutestopp av Fylkesbatane frå 1895.

Atløy med Kumle sett frå Askvoll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Atløy med Kumle sett frå Askvoll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kumle

fekk rutestopp av Fylkesbaatane like før 1900.

Herland

fekk rutestopp av Fylkesbaatane like etter 1900.

Hindøy

– ei lita øy nordvest for Atløy - fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1880-talet, men denne vart lagt ned etter kort tid.

MB Stangfjord var m.a. brukt til sjuketransport frå Stongfjorden. I 1985 vart båten kjøpt tilbake til bygda. Her ved Jensbua i Fjaler. <br>Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

MB Stangfjord var m.a. brukt til sjuketransport frå Stongfjorden. I 1985 vart båten kjøpt tilbake til bygda. Her ved Jensbua i Fjaler.
Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Stongfjorden

fekk fast rutestopp av Fylkesbatane kring 1907 då aluminiumsfabriken vart bygt, men hadde hatt nokre sporadiske stopp tidlegare.

Høyvik

fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1920-talet, men miste rutene i 1977, etter at det var kome vegsamband til Gjervik og fergekaia der i 1975.

Vårdal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1935.

FERJESAMBAND:

Ferja Dale-Bygstad-Eikenes

Ruta gjekk som heilårsrute fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.

Ferja Dale-Eikenes

- sjå Ferja Dale-Bygstad-Eikenes.

Bilferja Aurland på veg mot Gjervik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Aurland på veg mot Gjervik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Atløy-ferja og Atløy-kortet

Atløy-ferja og Atløy-kortet

Ferjesambandet frå Askvoll til Gjervik på Atløy vart opna i 1971. ”Atløy-kortet” var ei prøveordning med spesial-rabatt på fastlandsferja for øybuarane – eit tiltak for å stimulere vekst og busetjing på Atløy. Kortet vart teke i bruk på slutten av 1990-talet, men ordninga vart avvikla etter nokre år.

Værlandet ferjekai med bilferja Fjalir ved kai.

Værlandet ferjekai med bilferja Fjalir ved kai.

Ferje til Værlandet og Bulandet

Værlandet og Bulandet fekk ferjesamband med Askvoll i 1989. Etter at dei to øysamfunna vart knytte saman med bruer i 2003 har ferja berre gått til Værlandet.

Ekspressbåt

Askvoll er i dag stoppestad for ekspressbåten Bergen-Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013