Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeoppdrett i Askvoll

Oppdrettsanlegg ved Flokenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegg ved Flokenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2013 er det fire firma som driv med fiskeoppdrett i Askvoll.

Flokenes Fiskefarm

er eit selskap som vart starta i 1990. Dei to største eigarane er Hagesæther Invest As og Io Invest. Det er sju tilsette. Flokenes Fiskefarm er med i Salmon Group, eit nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap.

Steinvik Fiskefarm

eigd av Alex Vassbotten og med base i Flora kommune eig to anlegg i Stongfjorden og ved Kviteskjer i Flokenes.

Firda Sjøfarmer sitt anlegg i Granesundet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Sjøfarmer sitt anlegg i Granesundet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Sjøfarmer

eigd av Ola Braanaas eig eit oppdrettsanlegg i Granesundet. Dette var i si tid meint som eit opplæringsanlegg for United World College på Haugland, men av ulike grunnar kom det aldri i gang. I staden kjøpte Braanaas konsesjonen og etablerte anlegget nord i Granesundet.

Landøy Fiskeoppdrett AS

vart starta av Ingvar og Jarl Landøy i 1982. Selskapet har tre lokalitetar, ved Alden, i Sørværet og på Nordneset. Det er åtte tilsette, og firmaet er med i Salmon Group.

Oppdrettsanlegget til Landøy Fiskeoppdrett AS ved Alden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Oppdrettsanlegget til Landøy Fiskeoppdrett AS ved Alden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.04.2013