Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordungskyrkje i Askvoll

Askvoll kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Altartavla i Askvoll kyrkje er måla av Anders Askevold. Foto: Vårdal Foto. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Altartavla i Askvoll kyrkje er måla av Anders Askevold. Foto: Vårdal Foto. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Askvoll kyrkje er bygd i 1863. Arkitekt var kunstmålar Anders Askevold, som òg har måla altartavla. Anders Askevold var også arkitekt og altartavlemålar for kyrkja som vart reist ved Kalvåg i 1865. Før denne kyrkja har det stått tre kyrkjer i Askvoll: Den første kyrkja vart truleg bygd på 1200-talet og er første gong nemnd i 1306. Denne stavkyrkja stod mest truleg på ein stad som framleis vert kalla Kyrkjebakken.

Kyrkja i Askvoll var i mellomalderen den eine av to fjordungskyrkjer (hovudkyrkjer) i Sunnfjord. Den andre var stavkyrkja på øya Bru – seinare omdøypt til Svanøy etter erkebiskop i København, Hans Svane, som fekk Svanøy-godset frå kongen som oppgjer for lånegjeld.

I 1604 vart stavkyrkja i Askvoll riven – med unntak av våpenhuset og klokketårnet – og erstatta av ei ny kyrkje med eit skip som var 17 x 9 meter og eit kor på 5 x 6 meter. Innvendes var denne kyrkja rikt dekorert på veggar og tak av bilete av profetane og andre bibelske personar. To gonger på 1700- og 1800-talet var det brann i denne kyrkja.

Ei ny kyrkje, teikna av arkitekt Normann, avløyste 1600-talskyrkja i 1859, men i 1862 vart den nyreiste kyrkja råka av lynet og brann ned. Inntil den nye kyrkja kunne vigslast i 1863 måtte Askvoll-folket nytte kyrkjene på Vilnes og i Holmedal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011