Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Askvoll i tysk fangenskap

Kåre Olset (t.v.) og Mads-John Thyvold i Hyde Park i 1945. Foto frå boka til Aud Elsa Grøneng, utlånt av Karin Margrethe Thyvold

Kåre Olset (t.v.) og Mads-John Thyvold i Hyde Park i 1945. Foto frå boka til Aud Elsa Grøneng, utlånt av Karin Margrethe Thyvold

Folk frå Askvoll i tysk fangenskap under andre verdskrigen.

  • Lars Mandelid fødd 1881. Arrestert 27.04.1942, overført Bergen, sett fri 21.05.1942.
  • Petter Kristoffer Nikøy fødd 1884. Landhandlar. Arrestert 13.07.1942, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, sett fri 29.10.1943.
  • Einar Johan Hillersøy fødd 1888. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Bardufoss, overført Grini og sat der til freden.
  • Jonas Landøy fødd 1894. Fiskar. Arrestert 13.07.1942, overført Bergen, overført Ulven 25.07.1942, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943 og sat der til freden.
  • Knut A. Landøy fødd 1896. Bonde og fiskar. Arrestert 18.07.1942, overført Grini 30.01.1943, overført Sachsenhausen 15.02.1943, døydde i fangenskap 29.04.1943.
  • Teodor Severin Myrvåg fødd 1896. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Akershus 22.01.1944, overført Rendsburg 1.03.1944, overført Brandenburg 24.04.1944, overført Hamburg-Fuhlsbüttel og sat der til freden.
  • Hilmar Marius Grøneng fødd 1898. Fiskar. Arrestert 20.05.1942, overført Bergen, overført Ulven 24.06.1942, overført Grini 16.02.1943 og sat der til freden.
  • Magnus Sandøy fødd 1902. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen 31.03.1942, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Matias Dalen fødd 1903. Landpostbod. Arrestert 22.03.1945, overført Bergen, overført Espeland 12.04.1945 og sat der til freden.
  • Henrik Leite fødd 1905. Fiskar. Arrestert 20.05.1942, overført Bergen, overført Ulven 24.06.1942, overført Espeland 15.01.1943, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943 og sat der til freden.
  • Ansgar Dalen fødd 1905. Fiskar. Arrestert og overført Bergen 22.03.1945, overført Espeland 12.04.1945. Sett fri før freden 8. mai 1945.
  • Kristian Haugen fødd 1906. Stuert. Arrestert 25.06.1940, overført M/S Gran i Port Lyautey 11.09.1940, overført Sidi el Ayauchi i Fransk Nord-Afrika 28.09.1941, overført Qued Zem i Fransk Nord-Afrika 31.05.1942, overført Mercheria i Fransk Nord-Afrika 5.09.1942 og sett fri 16.11.1942.
  • Magnus Jens Hollevik fødd 1907. Arrestert 22.03.1945, overført Espeland og sat der til freden.
  • Asbjørn Melvær fødd 1908. Fiskar. Arrestert 12.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Natzweiler, overført Dachau, overført Ottobrünn, overført Dautmergen, døydde i fangenskap 3.11.1944.
  • Jonas Leite fødd 1910. Fiskar. Arrestert 21.05.1942, overført Bergen, overført Ulven 24.06.1942, overført Espeland 15.01.1943, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943 og sat der til freden.
  • Asmund Melvær fødd 1912. Fiskar. Arrestert 6.06.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Bardufoss, overført Grini og sat der til freden.
  • Harald Myrvåg fødd 1914. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen 18.12.1943, døydde i fangenskap 13.05.1944.
  • Thomas Andreas Nilsen fødd 1914. Dampskipsekspeditør. Arrestert 11.11.1941, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen og døydde i fangenskap 22.02.1945.
  • Hans Fortun fødd 1915. Student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Sennheim 9.1.2.1943, overført Buchenwald og sat der til freden.
  • Anton Hollevik fødd 1915. Arbeidar. Arrestert 17.03.1945, overført Bergen, overført Espeland 12.04.1945 og sat der til freden.
  • Edvard Hillersøy fødd 1916. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943, overført Grini 4.02.1944, overført Bardufoss, overført Grini og sat der til freden.
  • Kristian Milde fødd 1917. Arbeidar. Arrestert 27.09.1943, overført Bergen, overført Espeland, sett fri 24.12.1943.
  • Oddny Saltskår( seinare gift Hollevik) fødd 1918. Hushjelp. Arrestert på Staveneset (sjå øvrige krigshistorie Telegrafistar og tortur på Staveneset) 16.03.1945, etter tortur i Høyanger overført Bergen, overført Espeland og sat der til freden.
  • Leif Strømmen fødd 1918. Arrestert 22.08.1942, overført Bergen, overført Ulven 21.10.1942. Ingen andre opplysningar.
  • Johannes Hillersøy fødd 1919. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, sett fri 4.11.1943.
  • Bjarne Hillersøy fødd 1921. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven 8.06.1942, overført Grini 16.02.1943, sett fri 22.11.1943.
  • Kåre Olset fødd 1921. Menig soldat. Teken til fange under kampane på Svalbard 8.09.1943.
  • Hans Hollevik fødd 1922. Arrestert 22.03.1945, overført Espeland og sat der til freden.
  • Sverre J. Landøy fødd 1923. Fiskar, seinare lærar. Arrestert 20.05.1942, overført Bergen, overført Ulven 23.06.1942, overført Grini 16.02.1943, overført Natzweiler 6.10.1943, overført Dachau 4.09.1944, overført Allach, overført Dachau og sat der til freden.
  • Sigmund Myrvåg fødd 1923. Fiskar. Arrestert 19.05.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Sachsenhausen 18.12.1943 og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010