Hopp til innhold
X
Innhald

Folkelånsvegen - ein radikal finansieringsmodell

Folkelånsvegen ved Heileberget, der det til tider er rasfarleg og der det er sett opp vern mot nedfall av stein og is. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Folkelånsvegen ved Heileberget, der det til tider er rasfarleg og der det er sett opp vern mot nedfall av stein og is. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Folkelånsvegen langs Førdefjorden som vart opna i 1979, gav Askvoll-halvøya ferjefritt til Førde. Frå Askvoll går den via på tidlegare bygde vegar gjennom Stongfjorden, Flokenes, Gjelsvik og til Rørvik ved Førdefjorden. Derifrå måtte det byggjast ny veg langs fjorden under det høge fjellet Blegja for å kome inn til Heilevang i Førde kommune. Frå Heilevang går Folkelånsvegen via Solheimsdalen og Fauske over Vasslia/Blomlia til Ulltang og derifrå til Førde.

Finansieringsmåten skapte namnet

Vegen vart delvis finansiert ved eit ”folkeaksjeselskap”, den gongen unikt i norsk samferdsle. Folk frå heile Sunnfjord teikna aksjar i ”Folkelånsvegen” for å skaffe den ”eigenkapitalen” som skulle til. Aksjeeigarane fekk investeringa tilbake med gode renter då vegen kom i løyvingsposisjon. Idèen til denne smarte aksjefinansieringa hadde dåverande ordførar Kåre Ness og kontorsjef i Askvoll kommune, Anders Sølvberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2010