Folkelånsvegen
Folkelånsvegen ferdig 1979, knyter Askvollhalvøya til Førde via Stongfjorden, Flokenes og Kvammen.
Vegen vart delvis finansiert ved eit «folkeaksjeselskap», den gongen unikt i norsk samferdsle. Folk frå heile Sunnfjord teikna aksjar i «Folkelånsvegen», og fekk investeringa tilbake med gode renter då vegen kom i løyvingsposisjon.
Idèen til aksje-finansieringa hadde dåverande ordførar Kåre Ness og kontorsjef Anders Sølvberg (seinare adm. banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane).

Folkelånsvegen ved Ålahøgda. Foto: Ottar Starhiem, NRK
Skorvatunnelen
i nærleiken av Flokenes vart bygd i 1967 (480 meter).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.06.2017