Hopp til innhold
X
Innhald

Første skulen i Askvoll

Første skulen i Askvoll heldt ei tid til i Klokkargarden

Første skulen i Askvoll heldt ei tid til i Klokkargarden

Den første lova om eit norsk skulestell kom i 1739 og hadde samanheng med innføringa av kyrkjeleg konfirmasjon i 1736. Konfirmasjonsordninga stilte krav til ungdomar som gjekk og "las for presten" om at dei kunne meistre eit minstemål av lesekunnskap. Det var difor kyrkja gjennom biskop og sokneprestar som fekk ansvaret for den første folkeskulen" her i landet. Gjennom såkalla "skulefundasar" vart det fastsett korleis skulen skulle organsierast i dei einskilde prestegjeld med krinsinndeling, lærarkrefter o.s.b.

Heilt fram til 1889 var sokneprestane sjølvskrivne formenn i dei såkalla "skulekommisjonane" som hadde ansvaret for skuleordninga i kvar kommune. Først i 1889 innførte ein ordninga med skulestyre valde av kommunestyret.

Skulehuset i Straumen vart teke i bruk i 1921. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset i Straumen vart teke i bruk i 1921. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slik var det i Askvoll óg, og dette ”prestestyret” forklarar også kvifor folkeskulen i Askvoll heilt fram til 1859 heldt til i ein bygning som vart kalla ”Bispestova” i Prestegarden. Deretter vart skulen flytta til Klokkargarden, og i 1921 til ny skulebygning i Straumen for krinsane Askvoll, Ringstad og Olset.

Dagens skule i Askvoll. Til venstre Askvollhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens skule i Askvoll. Til venstre Askvollhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.06.2010