Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkets første husmorskule i Holmedal

Første kullet frå Holmedal jenteskule i 1879

Første kullet frå Holmedal jenteskule i 1879

Den første husmorskulen – eller amtsskule for jenter - vart starta i Holmedal i 1877. Dette var ein av dei første husstellskulane i landet, og vart skipa av Sogn og Fjordane fylke etter initiativ frå m.a. Balestrand-prest Harald Ulrik Sverdrup.

Eit resultat av idédugnad

Bakgrunnen for at denn skulen kom så tidleg i eit typisk landdistrikt, var ein idédugnad som fylkesmennene (amtmennene) på Vestlandet fekk i stand med tanke på å betre kosthald og hygiene ute mellom folk. Vestlandet var på 1800-talet det distriktet som var hardast råka av spillsykje og tuberkulose, og ein hadde mistanke om at mangel på reinsemd og dårleg hygiene hadde skulda.

Misjonærar i reinsemd

Dermed kom tanken opp om at ein skulle utdanne unge jenter i skikkeleg kosthald og reinsemd i hushaldet, og så vona ein at desse jentene ville verte misjonærar for dei nye tankane når dei vende heim att til sine bygder og vart føredøme for sine medsystre der. Husmorskulen vart plassert på Holmedal gard etter at gardbrukar Ellend Eide vann tilbodstevlinga som vart lyst ut om kven i fylket som kunne høve som vertskap for skulen. Holmedal gard hadde romslege hus og stor jordveg der det m.a. var god plass til å lære kvinnene dyrking av nye hagevekstar.

Flytta etter krangel

Men Ellend Eide vart etter ei tid usamd med fylket om drift og økonomi ved skulen. Difor vart husmorskulen flytta til garden til Ole T. Svanøe på Svanøy i 1891. I 1896 kravde fylket av Ole T. Svanøy skulle skaffe husmorskulen meir husrom. Då Svanøe nekta å etterkome dette kravet, vart husmorskulen året etter flytta til det store herskapshuset på storgarden Kroken i Luster. Derifrå vart skulen flytta til Hafslo i 1957. I 1912 fekk fylket sin andre husmorskule i Stryn, og i 1947 i Førde.

Holmedal gard, der fylkets første husmorskule vart starta i 1877. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal gard, der fylkets første husmorskule vart starta i 1877. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.06.2010