Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Prahl Harbitz

På bøndene si side

Georg Prahl Harbitz (1802-1889). Fødd i Haus i Hordaland, busett i Askvoll. Prest og politikar. Cand. theol. 1825. Sokneprest i Askvoll frå 1826 til 1839. Garnisonsprest 1947. Sokneprest i Slidre i Valdres 1848-1852 og Nøtterøy 1852–1878.

På bøndene si side

Harbitz var stortingsrepresentant frå 1836 til 1869, først frå Nordre Bergenhus amt, deretter frå Jarlsberg amt og Larviks amt. Sjølv om Harbitz var embetsmann, sympatiserte han med bondeopposisjonen på Stortinget, og fekk tilnamnet ”den vesle Robespierre”. Han arbeidde m.a. for å få bort landskatten, og han protesterte mot at det norske riksvåpenet skulle pregast på svensk-norske myntar.

I samarbeidet med stortingsbøndene vart Harbitz i mange saker ein moderasjonsmann som ofte fekk bøndene med på løyvingar der dei i utgangspunktet ynskte å spare.

Stortingspresident

I 1848 vart han den første stortingspresident som Stortinget valde sjølv. Før det hadde stortingspresidentane vorte utnemnde i statsråd. Harbitz vart sitjande som president så lenge har sat på Stortinget.

I samarbeid med Johan Sverdrup la Harbitz i 1865 fram eit kompromissframlegg som opna døra for ein unionsrevisjon. Men seinare vart Harbitz og Sverdrup politiske motsandarar, og Harbitz gjekk på slutten av sin politiske karriere m.a. imot utvida røysterett ved kommunevala. Harbitz er gravlagd i Askvoll.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011