Hopp til innhold
X
Innhald

Gjert Andreasson Hegrenæs

Gjert Andreasson Hegrenæs (1874–1952) frå Hegrenes. Bonde og politikar for Venstre, seinare Bondepartiet. Medlem av Vevring kommunestyre 1908-1925, ordførar 1911-1925.

Framståande fylkespolitikar som m.a. markerte seg som ein sterk kritikar av disposisjonane på 1920-talet. Vararepresentant til Stortinget 1919-1924, og fast representant for Bondepartiet 1928-1945.

Sjå også omtale av Hegrenæs under Kraftverka i Naustdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2009