Hopp til innhold
X
Innhald

Gjert Gregoriussen Hovland

Gjert Gregoriussen Hovland (1794–1870), frå Askvoll var ein av dei første norske utvandrarane til Amerika. Han var komen til Kendall Township i den nordlege delen av New York i 1831.

Hovland var bøkker i Bergen, men han hadde budd nokre år i Ryfylke først. Truleg er det saman med kjenningar der han har reist over. I Kendall hadde dei som drog med det første norske utvandrarskipet «Restaurationen» frå Stavanger i 1825 slått seg ned. Hovland flytta seinare til Fox River.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2010