Hopp til innhold
X
Innhald

Grimmelid Kobberværk

Slagghaugar på Grimelid. Foto: Arild Nybø, NRK.

Slagghaugar på Grimelid. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kopargruvene i Grimelid ligg på nordsida av Staveneset mot Stavfjorden. Kopargruva var i drift periodevis frå 1759 til 1920, på ei koparåre som strekkjer seg sør-nord i ytre Sunnfjord.

Denne åra la òg grunnlag for kopardrift på Svanøy (sjå Kopargruva på Svanøy), i Saurdalen ved Hellevik (sjå Fjaler kommune) og i Gjervik på Atløy.

Fagfolka i Grimelid kom mykje frå Røros koparverk, og framleis finst det slektsnamn med trøndersk bakgrunn i Grimelid. På det meste budde det 166 personar i Grimelid. På fastlandssida vart det elles teke prøvar av koparkis i Askdalen, i Flokeneset, på Mjåset, og dessutan på Heggøyna. Det var Nordenfjeldske Bergamt med tyske ekspertar som gjorde desse granskingane kring 1750.

Kongeleg privilegium frå 1759

I 1759 fekk bergensarane Wilhelm Teting og B. Reinhardsen kongeleg privilegium til å starte gruvedrift på «Gaardene Grimeliens og Dalens Grund». Med «Dalen» meinest det her Saurdalen ved Hellevik (sjå Fjaler kommune).

I Grimelid voks det på kort tid fram ein liten «småby» med kring 60 menneske kring gruvedrifta.

Smeltehytte i Førde

Sunnfjord-kysten er skogfattig. Difor vart mykje av malmen ført til Halbrend i Førde for smelting. Der vart det bygt smeltehytte i 1761. Gardsnamnet der kjem av «halvbrend» koparkis.

I Førde var det rikeleg med skog til å fyre smelteomnane med. I Grimelid, som elles kring gruvene på den tida, hadde folk plikt til å hogge ved. I gruvene vart berget varma opp med eld før det vart avkjølt og sprakk, slik at ein kunne hakke ut malmen.I smeltehytene gjekk også det med store mengder trekol. Å brenne trekol var ein kunst som det det kom tilreisande ekspertar for å lære sunnfjordingane. Ei tid vart det også frakta trekol til smeltinga heilt frå Nordfjord.

Grimelids-verket dreiv gruvedrift i Saurdalen

Grimmelid Kobberværk fekk m.a. mykje skog frå områda kring Hellevik og Gjølanger på sørsida av Dalsfjorden. Ved Sørdalsvatnet ved Hellevik (sjå Fjaler kommune) vart det midt på 1700-talet oppdaga malm som Grimmelids Kobberværk sikra seg mutingsretten på.

Grimmelids Kobberværk starta gruvedrift ved Sørdalsvatnet ved Hellevik, men berre i mindre omfang. Ved sjøen i Hellevik vart det bygt ei lita smeltehytte der det no heiter Verket. På 1700-talet, då Grimmeliens Kobberværk dreiv i Saurdalen, var det koparkis ein tok ut. Då det på 1800-talet vart starta ny gruvedrift i Saurdalen, var det frå ei åre av titanjernmalm ein tok ut malm (sjå Fjaler kommune).

Eigarstrid og nedleggjing

Den første driftsperioden i Grimelid-gruvene vara berre til 1776. Då ser det ut til at drifta vart stogga fordi eigarane striddest innbyrdes. Det var Bergens-kjøpmannen Wilhelm Teting som var den dominerande eigaren, men ting tyder på at også kongen i Købehavn var deleigar.

Wilhelm Teting var driftsstyrar frå starten, og seinare vart Sr. Otto Ieffert tilsett som direktør. (Iffert åtte elles «Kapteinsgarden» på Skei i Førde frå 1764 til 1767 – sjå: Prestegarden på Skei.) Teting rauk tidleg uklar med dei andre eigarane, og gruva vart vanstyrt. Gruva og alt som høyrde til, vart selt i 1785.

Ny drift av Grimelien Kopperværk

Det vart ny drift i Grimelid-gruvene i 1854 då konsul Ludwig Konow i Bergen starta prøvedrift. Han dreiv i åtte år med mellom 6 og 12 mann i arbeid.

I 1862 vart selskapet Grimelien Kopperværk skipa med bergmeister A. Ellefsen som ein sentral aktør. Selskapet kjøpte opp eigedomar, bygde bustader, skule og butikk. Gruva gav arbeid til 50 mann, og folketalet i den einbølte bygda auka til 166 personar. Men høge driftskostnader gjorde at selskapet gjekk konkurs i 1883, og drifta vart lagd ned. Eigedomsretten til gruvene kom etter kvart i hendene på ein overrettsakførar som kalla seg R.M.B. Schønberg.

Vågene Gruber

Det var i denne perioden ein også braut malm i Vågeskaret, som ligg like ved riksvegen på høgda mellom Flokenes og Stongfjorden. Her er gruvegangar og slagghaugar lett synlege frå riksvegen. Etter prøvedrift frå 1871, opna gruva i 1875. Men malmen var fatig på kopar, og drifta vart stoppa i 1880. Malmen vart skipa ut med båt frå ei kai i Vågane. Den siste malmbåten som gjekk derfrå, forliste med koparkislasta som ikkje var forsikra.

Skjerperetten på denne forekomsten var ei tid på hendene til statsminister og skipsreiar Christian Michelsen frå Bergen. Under første verdskrig vart det vurdert å starte ny drift i Vågeskaret, men det vart lite av planane.

Siste forsøk

I 1904 vart gruva selt på nytt til ein svenske som starta prøvedrift i 1906. Men retteleg drift vart det ikkje før etter at verdskrigen braut ut i 1914, og det vart etterspørsel etter koparmalm m.a. til rustningsindustrien og elektroindustrien. I 1916 starta A/S Christiania Minekompani gruvedrift med opptil 17 mann i Grimelid. Overrettsakførar Schønberg tente ein formue på først å leige ut, og sidan selje gruvene til A/S Christiania Minekompani i 1919.

Men etter krigsslutt i 1918 sette vanskane inn: Marknaden for kopar tørka inn og prisane fall. I 1920 gjekk Minekompaniet konkurs. Under andre verdskrig vart det på nytt vurdert å starta gruvedrift i Grimelid, men planane vart lagde bort.

Også gruvedrift på Atløy

Koparåra i ytre Sunnfjord går frå Svanøy, dukkar opp att sør for fjorden ved Flokenes, Vågane og Grimelid, viser seg i Askdalen ved Askvoll og kjem att ved Gjervik på Atløy.

På sørsida av Vilnesfjorden finn vi den att ved Hellevik, vidare til Folkestad, og den endar ved Skifjorden i Hyllestad. Her på sørsida av Vilnesfjorden er malmen blanda med titanmalm.

Alt i 1769 vert det rapportert om svovelkis ved Gjervik på Atløy, og ein hadde von om å finne kopar. Då Wilhelm Teting og B. Reinhardsen sikra seg driftsretten i Grimelid i 1756, omfata denne retten til gruvedrift i ein omkrins som også gjeld Gjervik. Men dei to starta ikkje drift der. Men midt på 1800-talet tok interessa for koparmalm seg opp att, og i 1865 vart det starta prøveboring i Gjervik.

På ein stad som heiter Hog, vart det starta gruvedrift i ein kort periode på slutten av 1800-talet. Her kan ein enno sjå tre gruvegangar som skal gå kring 70 meter innover i fjellet. Lokalkjende folk meiner det var eit tysk selskap som dreiv gruva fram til omlag 1905. Dei bygde også ei brakke og ei slags kai for båtar, men meir detaljar manglar.

Også på Flokenes, i Askdalen og på Mjåset viser hol i fjellet at det vart teke prøvar av koparåra der, men noko gruvedrift i kommersiell forstand kom ikkje i gang.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011