Hopp til innhold
X
Innhald

Gunhild Berge Stang

Gunhild Berge Stang. Foto: Silje Hjelle Strand.

Gunhild Berge Stang. Foto: Silje Hjelle Strand.

fødd 1974 i Stongfjorden, busett i Svelgen. Arkeolog og kultursjef.

Cand. phil. frå Universitetet i Bergen 2003. Arbeidde med prosjektoppgåver for Universitetets Oldsaksamling før ho i 2004 vart tilsett som kultursjef i Bremanger. Hadde vore m.a. styremedlem i Sogn og Fjordane Ungdomslag før ho i 2005 vart leiar i Noregs Ungdomslag.

Ho sat i Askvoll kommunestyre for Venstre 2007-2011. I 2013 vart ho første vararepresentant til Stortinget. Ho vart vald til fylkesleiar i Venstre i 2014, og ho vart nominert på førsteplass på fylkestingslista til partiet til valet i 2015.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016