Hopp til innhold
X
Innhald

Handel, hermetikk og brann på «Gamlekaia»

Tallak Hansson Stang.

Tallak Hansson Stang.

Tallak Hansson Stang (1839-1899) frå Straumen i Askvoll starta landhandel i Askvoll på 1880-talet. Han hadde først starta handel på Staveneset, men gjekk konkurs, og fekk eitt års gjeldsfengsel for dette.

Stang vart også ekspeditør for Fylkesbaatane. Han bygde ei stor handelsbu, dreiv bakeri, og bygde også eit stort bustadhus som vart kalla «Nyborg». Då Stang døydde i 1899 tok tok Mathias Gjelsvik over og dreiv til han døydde i 1910. Deretter dreiv Theodor B. Larsen frå Skånevik som handelmann og skipsekspeditør til 1918.

Nyborg før 1919. Frå samlinga til Arnfinn Follevåg.

Nyborg før 1919. Frå samlinga til Arnfinn Follevåg.

Ein av fleire Haugen-brør

Rasmus Haugen, opphaveleg frå Haugen i Eid, busett i Måløy, tok då over og starta også sildesalting i budene på kaia saman med sonen Ragnvald Haugen. Ragnvald vart ein av fleire Haugen-brør frå Måløy som flytta nedover til Askvoll og Stongfjorden og m.a. vart fisketilverkarar, dampskips-ekspeditørar og handelsmenn.

Nystarta fabrikk brann ned

I 1919 skilde Rasmus Haugen frå ei sjøbu til eit selskap som starta Askvold Preserving Co A/S. Fabrikken og fem mindre hus rundt kaia brann ned i 1920. Ragnvald Haugen bygde då ny bu på branntufta som vart nytta som ekspedisjonsbygg for rutebåtane.

Tyskarane okkuperte bua og «Gamlekaia» under krigen og gjorde mykje skade.

Butikken til Birger Haugen var i huset til høgre.

Butikken til Birger Haugen var i huset til høgre.

Overteke av P.A. Sølvberg

Ragnvald Haugen var ekspeditør for rutebåtane til midt på 1950-talet. Den offentlege kaien vart i 1956 flytta til Kråkeholmen, og i nyare tid vart ekspedisjonsbygget på Gamlekaia og bua der vart kjøpt av handelsfirmaet P.A. Sølvberg i 1962.

Den offentlege kaien vart i 1956 flytta til Kråkeholmen, og i nyare tid vart ekspedisjonsbygget på Gamlekaia kjøpt av Gunnar Sølvberg i P.A. Sølvberg.

Birger Haugen på sine eldre dagar med to barnebarn.

Birger Haugen på sine eldre dagar med to barnebarn.

Hospits og bakeri

Broren Birger Haugen gifte seg med enkja etter Theodor B. Larsen, Anna, og dreiv landhandel i Askvoll i eige forretningsbygg. I åra 1925-1931 leigde Birger Haugen ut lokala til Anton Høyvik (sjå Askvoll Hospits) medan han sjølv dreiv bakeri i Olsenbua litt lengre aust fram til 1938.

Audun Wåge med kona Reidun og borna Rigmor og Arild.

Audun Wåge med kona Reidun og borna Rigmor og Arild.

Borna til Anna Larsen og Birger Haugen tok i 1931 oppatt handelen i butikken ved «Gamlekaia», og Birger Haugen rigga seg til med bakeriet sitt i eit bakrom på familiebutikken. Dette dreiv han til 1949, då han overlet det til dottera Reidun og svigersonen Audun Wåge frå Måløy. Han kom til Askvoll og starta realskulen der i 1941 (sjå Realskule og gymnasplanar i Askvoll).

Ekteparet Wåge gav seg med forretningsdrifta ved Gamlekaia kring 1959, og butikken vart ei tid leigd ut til Askvoll Fisk & Fiskematforretning (sjå under Industri og næring i Askvoll). Då dette firmaet vart avvikla i 1974, tok Jorunn og Karl Lystad over og dreiv fram til dei stengde i 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011