Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgiveri på Hindøy

Hindøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hindøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hindøy er ei lita øy på vestsida av Atløy. I havet vestafor Hindøy var det gode fiskefelt, og dette gav grunnlag for både gjestgiveri og handel på Hindøy.

Gjestgiveriet vart drive som ein filial under gjestgjevaren i kremmarleiet Sauesund ( sjå Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund). Den første som er nemnd som landhandlar på Hindøy er Nils Bergersen (1796–1866). Han var fødd i Kvinnherad i Sunnhordland. I dei rike sildeåra var det mange frå Hordaland, særleg frå Sunnhordaland og Hardanger, som flytta oppover og bygde opp fiskemottak og handelshus i fiskeværa frå Bulandet og nordover til Kinn og Kalvåg. –Les meir om desse under Flora kommune og Bremanger kommune.

Fiskarhytter

Ute på dei vestlegaste øyane, som på Moldvær, Håsteinen og Ryggsteinen, hadde folk bygd små fiskarhytter der dei kunne overnatte når dei dreiv fiske der ute. Slik slapp dei slitet med å ro det tunge sjøstykket til og frå fiskefelta.

Hindøy. Foto: Stiftinga Jensbua.

Hindøy. Foto: Stiftinga Jensbua.

Spord bygde handelshus

Den som bygde Hindøy ut til eit større handelshus, var sersjant Peder Anderson Spord (1849–1910). Spord dreiv både fiskemottak, sildesalting og vanleg landhandel. Handelen heldt til på loftet i ei sjøbu på Hindøy. I Peder si tid kom det både postkontor (Atløen postopneri) i 1892 og rikstelefon til øya i 1906. Sonen Olav Spord heldt fram handelen då Peder A. Spord drukna i eit forlis på Hustadvika i 1910.

I 1910 bygde Kolbein Sætra ein krabbefabrikk på Hindøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013