Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og krabbe på Herland

Sigurd Løkeland AS på Herland. Foto: Malene Vilnes, NRK.

Sigurd Løkeland AS på Herland. Foto: Malene Vilnes, NRK.

Krabbekoking hjå Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk. Foto: NRK.

Krabbekoking hjå Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk. Foto: NRK.

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk vart grunnlagt på Laukeland i 1919 av Leiv Sigurd Løkeland, og hadde kring 20 personar i arbeid i sesongen. Sjøbua der fabrikken heldt til, var delvis bygd av vraktømmer frå den forliste barken «Delta» som gjekk ned ved Kvitingane.

Butikken til Løkeland.

Butikken til Løkeland.

Laura dreiv butikken

Sigurd Løkeland starta også ein liten landhandel i kjellaren på bustadhuset på Laukeland. Tidleg på 1930-talet bygde han butikk på Herland, flytta krabbeproduksjonen mellombels inn i ei sjøbu og bygde eigen fabrikk på Herland noko seinare. Butikkdrifta tok ektemaken Laura seg av.

Laura Løkeland med dagens mottak av laks. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Inger Lise Vårdal

Laura Løkeland med dagens mottak av laks. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Inger Lise Vårdal

Butikken nedlagd

Løkeland hadde også bunkersstasjon for drivstoff til fiskeflåten. Sigurd og Laura Løkeland bygde ny butikk i 1970, og i 1976 overtok sonen Konrad ansvaret for butikk og fabrikk. Butikken vart lagd ned i 2000, medan krabbefabrikken vert styrt vidare av Konrads son Tor Løkeland.

Krabbearbeidarar på Herland, truleg i 1943. Ukjend fotograf, eigar Hildur Våge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Krabbearbeidarar på Herland, truleg i 1943. Ukjend fotograf, eigar Hildur Våge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011