Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Kjempenes i Bulandet

Kjempenes. Prospektkort frå ca. 1920. Ukjend fotograf, eigar Hildegunn Nilsen Andal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjempenes. Prospektkort frå ca. 1920. Ukjend fotograf, eigar Hildegunn Nilsen Andal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Det var sildefisket som gjorde at det frå 1740 vart oppretta handelsstad og gjestgiveri på Kjempenes i Bulandet. Fram til då hadde handelsmannen i Korssund (sjå Fjaler kommune) forsynt fiskarane ute i øyane med mat og utstyr. No fekk det nye gjestgiveriet på Kjempenes også skjenkerett for øl og brennevin.

Den første privilegerte kremmaren var Jan Andersen Luth. Svigersonen Didrich Ellertsen overtok i 1766, og hans son Jan Ellertsen frå 1786. Den siste busette seg i Bergen og let ein «gesell» bestyre på Kjempenes. Kring 1800 hadde gesellen 6 personar i teneste.

Morten Gørbitz eigde Kjempenes frå 1811 til 1824. Etter han overtok Madame Epcom. I 1934 kjøpte Per Rosendahl handelsstaden og dreiv den til 1852. Både våninghus og og eit sjøhus frå gamal tid er teke vare på, men er mykje ombygde. Berre drengestova er bevart slik den var.

Under dei store sildeåra midt på 1800-talet dreiv Bergens-kjøpmannen Hermann von Tangen stort fiskemottak på Kjempenes. Her ute i øyane tedde kjøpmennene seg som «nordnorske» væreigarar, og bygsla ut rettar til andre som ville drive næring - dersom dei fann det for godt å dele slike gode med nokon.

Flyfoto over Bulandet. Den gamle handelsstaden Kjempenes låg på neset like til venstre for kapellet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Flyfoto over Bulandet. Den gamle handelsstaden Kjempenes låg på neset like til venstre for kapellet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011