Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund

Sauesund. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sauesund. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sauesund ligg på søraustsida av Atløy, like ved kystleia. Her har det vore skysstasjon og gjestgiveri sidan 1622. Første gjestgjevar var tyskaren Heinrich Bloch. I fiskeværet Hindøy på vestsida av Atløy vart det ei tid drive eit gjestgiveri som sorterte under gjestgjevaren i Sauesund. Den første tida var Sauesund viktigast som gjestgjevarstad og skysskifte, men på slutten av 1700-talet tok handelen seg opp.

I 1778 vert det nemnt at gjestgjevaren Claus Frantzen Wulf tok til å selje tobakk. Frå 1793 var det Elias Marthinsen Zitzelou som dreiv staden, og då han drukna i 1807 tok enkja Berthe-Susanne over til 1839. I 1840 vart Sauesund seld til Wilhelm Conrad Herford, og 1847 til Anders Matland frå Fusa, som seinare selde til Oscar Christian Svanøe.

Sauesund ca. 1900. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Aud Elsa Grøneng.

Sauesund ca. 1900. Foto frå Sogehefte for Askvoll kommune, utlånt av Aud Elsa Grøneng.

Flytting frå Sauesund til Skaret

Svanøe dreiv til 1900, då han selde eigedomen til Davik Sørenson Høyvik. Han og broren Abraham hadde vore ein tur til Amerika, og det vart Abraham som ei tid leigde butikken i Sauesund før han flytta til Skaret.

Broren David tok då over butikkdrifta på den gamle handelsstaden fram til han døydde i 1949. Då overtok sonen Sverre Høyvik. David hadde også starta krabbefabrikk i 1911, og kunna ha opptil 70 arbeidarar i sesongen. Både landhandelen og krabbefabrikken var i drift til 1954. Postopneriet for denne delen av Atløy heldt til i Sauesund frå 1899 til 1901.

Sauesund vurdert som by

Då regjeringa i 1858 sette ned ein kommisjon som skulle vurdere plasseringa av ein ny by (ladested) i Sunnfjord, var Sauesund eitt av tre alternativ.

Les også om: Skipsfella i Sauesund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011