Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Arentz

Hans Arentz (1731-1793) fødd i Askvoll. Jurist, sorenskrivar i Sunnfjord frå 1762 til han døydde.

Hans Arentz var son av presten Fredrik Arentz og bror til Fredrick Christian Holberg Arentz.

Gift med ei av døtrene til den mektige Svanøy-futen Hans Thiis Nagel. Gav i 1784 ut «Gruntegning af den fornuftige norske Patriotisme». Etter hans død sytte familien for at Hans Arentz hovudverk «Beskrivelse over Søndfjord» vart trykt og gjeve ut. Verket er på 900 sider. Forutan geografiske observasjonar, inneheld «beskrivelsen» unike sosialantropolgiske observasjonar kring levemåte, skikkar og folkelynne i Sunnfjordbygdene seint på 1700-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2008