Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Myrvåg

 Harald Myrvåg (1914-1944) frå Værlandet. Fiskar.

Harald Myrvåg (1914-1944) frå Værlandet. Fiskar.

Myrvåg tok tidleg under 2. verdskrig imot illegale våpenlaster vestfrå. Han vart arrestert 19. mai 1942 i Gestapo sin aksjon mot Bulandet og Værlandet etter Tælevåg-affæren (Krigshistoria i Askvoll). 19 menn på øyane og tre menn på Grytøyra vart arresterte, tre av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar.

- Sjå også Knut A. Landøy og Asbjørn Melvær.

Harald Myrvåg vart overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Natzweiler 30.09.1943 og døydde i fangenskap 13.05.1944.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.07.2009