Hopp til innhold
X
Innhald

Helikopterulukka i Alden

Helikopteret trefte fjellveggen på sørvestsida av Alden. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Helikopteret trefte fjellveggen på sørvestsida av Alden. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

I 1990 omkom fem personar då eit helikopter havarerte i det høge fjellet på Alden.

Fire av dei omkomne var mannskap på helikopteret, den femte sjukepleiar. Helikopteret skulle delta i søket etter taretrålaren «Noralg» frå Bulandet som hadde gått ned ved Geita fyr, då flygaren tok feil av høgda og rende i fjellveggen. Lydopptak frå taleregistratoren i helikopteret viste at flygaren hadde eit kart der høgda på Alden var oppgitt i meter, medan han trudde det var fot. Dei to som var mannskap på trålaren, omkom i forliset.

På dette biletet ser vi delar av helikoptervraket ved foten av den stupbratte fjellsida. Foto frå TV-reportasje: Asle Veien, NRK.

På dette biletet ser vi delar av helikoptervraket ved foten av den stupbratte fjellsida. Foto frå TV-reportasje: Asle Veien, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.06.2010