Hopp til innhold
X
Innhald

Helle Fabrikker

Knivproduksjon i Holmedal. (Foto: NRK)

Knivproduksjon i Holmedal. (Foto: NRK)

S & S Helle Knivfabrikk i Holmedal vart starta som ei typisk «kjellarbedrift» i 1932: Dei unge brørne Steinar Helle og Sigmund Helle gjekk arbeidslause. For å livnære seg med noko, starta dei å produsere gardsreiskapar i den gamle smia på farsgarden på Kleppeneset.

Faren Berent hadde vore bygdesmed, og det var av han dei lærte kunsten å smi. I 1932 starta dei produksjon av tolleknivar. Den første salsreisa til Austlandet gjorde Steinar Helle på sykkel. Han hadde med seg eit knippe tolleknivar, som han selde til 40 øre stykke!

Frå gardssmia til «smørfabrikken»

I 1943 kjøpte brørne Helle dei tidlegare fabrikklokala til smørfabrikken «Flora» ved kaia i Holmedal og flytta produksjonen dit. Dei første åra hadde verksemda produsert berre tolleknivar, men i 1948 starta den også produksjon av bordknivar, og seinare gaflar og skeier. Knivfabrikken i Holmedal vart utvida på 1962, og fabrikken fekk stor eksport av knivar til både Europa og USA.

Helle kjøpte i 1943 fabrikklokala til smørfabrikken

Helle kjøpte i 1943 fabrikklokala til smørfabrikken

Avdeling i Stongfjorden

I 1963 kjøpte brørne Helle lokala til den tidlegare aluminiumsfabrikken i Stongfjorden (sjå British Aluminium Company ). Dotterselskapet der fekk namnet Stangfjord Staal, og fekk 22 tilsette frå starten. Leiar for avdelinga i Stongfjorden var sivilingeniør Odd Gisle Helle, son til Steinar Helle. Med på kjøpet fylgde også kraftstasjon og fallrettar.

Den første tida vart det også drive bilverkstad i Stongfjorden. Dette vart seinare selt til Einar Yndestad, som bygde verkstad og bensinstasjon under namnet A/S Stongfjord Auto.

Tilsette viser fram produkta i Stongfjorden. Frå v. Ingolf Olsen, Gunnar Teige, Ståle Grimelid, Guri Frøholm, Hans Ole Espeland og Odd Gisle Helle.

Tilsette viser fram produkta i Stongfjorden. Frå v. Ingolf Olsen, Gunnar Teige, Ståle Grimelid, Guri Frøholm, Hans Ole Espeland og Odd Gisle Helle.

Hjørnesteinsbedrift med 130 tilsette

Med avdelinga i Stongfjorden, kom Helle ei tid på 1960-talet opp i 130 tilsette. I 1968 vart verksemda omskipa til akseselskap under namnet A/S Helle Fabrikker. Fram til 1973 var bordbestikk dei viktigaste produkta frå Helle, men frå midten av 1970-talet vart sportsknivar og smidde knivblad til sølvbestikk dei største produkta.

Vanskar og omlegging

I 1977 kom Helle Knivfabrikk i store økonomiske vanskar då dei mista ein stor kunde på bordbestikk i USA. For å berge seg, selde dei kraftstasjonen i Stongfjorden og fallrettane som fylgde med til Ytre Fjordane Kraftlag. Problema førde også til at Helle no la om produksjonen og satsa sterkt på sportsknivar.

M.a. fekk verksemda stor suksess med den vesle tollekniven «Nying», som sidan har vorte produsert i over 1 million eksemplar, og i 2001 fekk Helle Fabrikker den høgthengande «Klassikarprisen» frå Norsk Design. I 1990 vart Helle også tildelt Profilprisen for Sogn og Fjordane som ei framståande bedrift.

Helle hadde ei tid produksjon i den gamle aluminiumsfabrikken i Stongfjorden. Foto: Arild Nybø, NRK.

Helle hadde ei tid produksjon i den gamle aluminiumsfabrikken i Stongfjorden. Foto: Arild Nybø, NRK.

Merdeproduksjon i Stongfjorden

Avdelinga i Stongfjorden gjekk i 1983 over frå knivproduksjon til produksjon av oppdrettsmerdar. Den fekk namnet Viking Global A/S og hadde i 2002 10 tilsette. Sidan 1997 har Helle Knivfabrikk berre produsert knivar i Holmedal.

Helle selde våren 2003 verksemda i Stongfjorden til Ørsta Stål A/S. Helle knivfabrikk i Holmedal hadde i 2003 30 tilsette, og ei omsetning på 18 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2009