Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Askvoll

Helsehuset i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helsehuset i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Helseheim

var nest etter Harastølen i Luster den første helseinstitusjonen for tuberkuløse som vart bygd i Sogn og Fjordane i 1912.

Askvoll Gamleheim

på Røyset like nord for Askvoll sentrum vart bygd i 1938.

Først med skuletannrøkt

Askvoll var nummer to etter bykommunen Florø med skuletannrøkt.

Distriktslegetenesta i Askvoll

I 1857 kom den første frådelinga av ytre Sunnfjord som eige distriktslegedistrikt.

Askvoll apotek

vart starta i 1911 med Olaf Jespersen frå Røros som første apotekar. Apoteket fekk plass i det nye Helsetunet då det stod ferdig i 1973.

Askvoll Sanitetsforening

vart skipa i 1911. Dei tilsette eiga helsesøster, og spela ei aktiv rolle m.a. då kommunen, som den første bygdekommunen i fylket, fekk skuletannrøkt i 1923.

Ambulansebåtar i Askvoll

Den veglause Askvoll-halvøya med eit stort øyrike utanfor var heilt avhengig av båt for lege- og ambulanseoppdrag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.06.2010