Hopp til innhold
X
Innhald

Holmedal Trevarefabrikk

Haaland Møbler heldt til i denne bygningen i Holmedal til 1999. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haaland Møbler heldt til i denne bygningen i Holmedal til 1999. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal Trevarefabrikk vart grunnlagd i 1912 av Berh. Haaland. Han starta først med fabrikasjon av vogner, vognhjul og anleggsårer, men gjekk seinare over til produksjon av stoppa møblar.

Sonen Jostein tok over firmaet i 1943 og kalla det etter dette Jostein Haaland, frå 1960 med firmanamnet Haaland Møbler. Haaland Møbler dreiv vanleg møbelutsal og vart lagd ned i 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2010