Hopp til innhold
X
Innhald

Holmedals Sogns Bondevenforening

Jens Rolvsson.

Jens Rolvsson.

Holmedals Sogns Bondevenforening vart skipa i 1871 av bergensaren Jens Rolvsson, som ei tid dreiv ein «bondehøgskule» i Dale.

Foreininga fekk over 60 medlemer, og gjekk inn i «bondevenrørsla» som hadde stortingsmann Søren Jaabæk som førar. Han skipa den første foreninga i 1865.

Ville legge ned Mo jordbruksskule

Bondevensforeningane gjekk inn for offentleg sparing. Inspirert av bondevenrørsla gjekk formannskapet i Fjaler i 1869 inn for å leggje ned fylket sin jordbruksskule på Mo (sjå Mo Jordbruksskule), og imot at det skulle tilsetjast ny fylkesagronom.

Lokalt drøfta bondevenforeninga skiping branntrygdelag og planane som Ytre Holmedal Sogneselskap (sjå Fjaler kommune) hadde for ein ny Fjaler Sparebank. Laget arbeidde også for at det skulle skipast ei forbruksforeining for Fjaler og Askvoll.

Sjå òg Norskelaget i Holmedal.

- Les meir om Bondevensforeningane m.a. under Bremanger kommune og Gaular kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.06.2010