Hopp til innhold
X
Innhald

Holmedalsbåten

Restane av Holmedalsbåten ved utgravinga i 1926. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Restane av Holmedalsbåten ved utgravinga i 1926. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

Like ved fabrikkveggen på kaia i Holmedal vart det i 1926 grave ut restar av ein stor båt frå tidleg merovingartid, d.v.s. ca. 600- 600 e. Kr.f.

Det viste seg at båtrestane stamma frå ei såkalla båtgrav der den døde vart gravlagd i skipet sitt, nett som i dei meir kjende funna på Gokstad i 1880 og Oseberg i 1904, begge i Vestfold. Båtkjølen har truleg vore 9-10 meter, og ein fann også restar av 3-4 omfar av båtborda. Inne i skipet låg restar etter ei eikekiste der ein fann leirkar og anna gravgods.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011