Hopp til innhold
X
Innhald

Hurtigrutetragedien ved Staveneset

Hurtigruteskipet Haakon VII.

Hurtigruteskipet Haakon VII.

D/S «Haakon VII» var det største kystruteskipet i Noreg då det vart sett inn i hurtigruta i 1923. Det tilhøyrde Nordenfjeldske Dampskipsselskap i Trondheim.

Den 29. oktober 1929 grunnstøytte skipet ved Staveneset i regn og sørvestleg storm. Skipet gjekk på land for full maskin og velta 90 grader. Akterenden sokk, medan baugen låg langt inne på land. 18 menneske omkom og 55 overlevde.

I mars 1930 vart skipet sett på rett kjøl, drege av grunnen og slept til Bergen. Men skadane var så store at skipet vart kondemnert og hogge opp.

Staveneset sett frå nord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Staveneset sett frå nord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2014